...TID !
Her i huset gjer det iallefall det..
- nokon som kjenner seg igjen, eller er det bare her det er slik ? ;)
Nå er eg snart ferdig å mala i "finståvo"
...som den kallest i desse Ryfylke- huso.
Koseleg med ei finståva, slik dei hadde i gamledagar,
..men den forsvinn nok når me har renovert.
Finståvo er super å ha når me får besøk,
me er der jo aldri sjølv - dermed ikkje rot ;)
Men at så mykje av arealet i hovudetasjen nesten ikkje
vert brukt er jo litt for gale.
Bjelkane i taket forsvinn, eller vert lysare når me renovere
| Male/beisa furuveggen kvit - eller la den vær ? |
Verandadøra er og i detta rommet,
og den vil me jo ha litt meir tilgjengeleg.
Så planen er å, på ein eller anna måte få nytta arealet meir,.. på sikt,
...etter bygging av grishus og slike ting !
Arg !! ;)
Nei, nå har eg jammen meg klart å snu detta innlegget
til syting øve kor gørr det er å måtta venta på å renovera,
..skulle jo skriva om kor bra det var at eg snart er ferdig å mala i denna ståvo !
..for det er visst det me gjer nå, i første omgang ja,..MALE !!
Eigentleg ganska så kjedelig å mala når ein veit at det er midlertidig,
..men det er jo kjekt å få det litt
"sitt eige" og <3
| Dette bilde er ein av tinga som stod igjen i huset her då me øvetok. |
Til vanleg likar eg best å ha kvitfarge på veggene,
men nå når detta er midlertidig er det gøy
å prøva litt fargar og.
I ståva her har eg brukt fargen "muskattnøtt"
Ønsker dåken alle ei fin ny veka !
Birgit