fredag 15. august 2014

For ein herleg dag

..og eg som grudde meg til gutane skulle begynna på skulen igjen ;)

Men eg må nok bare innrømma at det var (i år og)
herleg å vær aleina på dagane igjen.
Nyta roen, ha god tid ute hjå dyra og rett og slett bare væra meg
(mannen er på jobb idag)

Deler nokre bilder frå dagen min:
 Starta dagen hjå desse her, fekk gutane avgårde på skulen 
før eg var ein liten tur innom "dei rosa"
Frukost pleier eg å ha etter fjosen, 
og idag var det så fint ver at eg 
tok den med meg opp til vatnet bak oss.
 Herleg laang frukost
- heilt til desse skyene kom..
 Ein liten tur oppom til kvigene
som går på beite

Nå skal eg pakka, gi silo og venta på 
mann og barn før det bærer avgårde til hytto :)
*lykke*

God helg!

Birgit


tirsdag 12. august 2014

Karen-huset

Då me flytta til Årdal (juni 2010) budde me ei lita stund hjå svigers.
Dette medan me pussa opp "Karen-huset" 
(navnet kjem av at det er svigerfar sin tante Karen som budde der før)
 Eller det vil sei, me budde hjå svigers til me hadde pussa opp 
soveromma og grovkjøkkenet/vaskeromet,
då det var ferdig flytta me inn. 
Rart kva som går når ein vil,..og har grill ;)
 Her budde me medan svigers bygde seg nytt hus nede i bygda.
Me flytta ned i hovudhuset i november 2011

Etter dette har me leigd det ut, men dei som leigde flytta ut nå i somar.
Huset står bokstaveleg talt på plenen vår, altså litt tett oppi..
Derfor lurte me ei stund på om me skulle slutta å leiga det ut
(det var ikkje noko problem med dei som budde der altså!).

Men sidan me har lagt ut ein del på å pussa det opp
 er det litt for gale å bare la det stå der..

Derfor har me nå møblert det 
og vil prøva å leiga det ut på ein litt anna måte.
 Nå har det seg slik at me bygger opp redskapshuset 
som brann ned ifjor, 
også skal me bygga fjos i vinter, 
så då passar det godt å ha huset til 
"byggfolka"denne vinteren.
(firma frå bysido)

 Etter dette vil me prøva å leiga det ut som feriehus 
og/eller til fiskerar.

Håpar det blir litt utleige - til me har "gått i null" iallefall ;)

 Ha ein fortsatt fin kveld!

Birgit


søndag 10. august 2014

Heimakontoret

I fjor vinter laga me til eit lite kontorhjørna i tvståva, 
dette fordi me har eit gammalt og kaldt hus..
Var herleg for ungane å kunna sitte her å gjera lekser 
istadenfor ved kjøkkenbordet :)

(Skinnfellar er gode å ha i kalde hus..hihi)

Deltar med dette på månadens 
Nib-utfordring
Du finn mange flotte heimakontor her

Birgit


So Me greet

Jippi, eg skal på dette!
Kjem du?
Endeleg har eg meldt meg på eit stort treff igjen.
Denne gangen på austlandet, 
og med tanke på kor lenge det er sidan eg besøkte 
vener der borte passar jo det godt :)
Det er flinke Maia som lagar til, denne gangen med hjelp av Partyplanner-Lise
 Velkomst på Galleriet, VIP shopping i Festfabrikken
workshop med Tonerose Design, vidare med båttur til Sandøya for reker og kvitvin, 
før me avsluttar det heile med grillfest i Brannvakta i Brevik.
Som vanleg har Maia fått inn mange sponsorar, 
Emmeselle er ein av dei
- såå mykje kult der!

Alle bileta i dette innlegget er lånt av Maia : Fabelaktig

Ha ein fortsatt fin søndag!

Birgit


                                                                                 









søndag 3. august 2014

Warszawa

Rett før skuleferien starta hadde mannen min og eg ei langhelg i Warszawa.
Kjekk by som me har vore i før, og gjerne besøker igjen.

Her er nokre bileter frå turen :
 Me budde på Intercontinental Warszawa, i 38 etg med superfin utsikt øve byen
 Champagnefrukost med harpespill attåt (ikkje heilt kva me er vande med..)

;)
Hadde ei super helg, kan anbefale både byen og hotellet (flott og sentralt)
 Ein liten takk til mammen min som var her i Årdal ilag med gutane :)
"Borte bra, men hjemme best"

Birgit

torsdag 1. mai 2014

Mai og lys

Får bare såå lyst på speilreflekskamera (og fotokurs!) 
når det er så lyst og fint som nå!
Lyset flommar jo inn gjennom dei skitne vinduene ;) 
Men med shoppestopp og ein heil haug med andre ting 
som skal prioriterast på garden, 
må eg nok bare ynskja meg det ei stund te..
og ta til takke med Iphonen :
Bilde frå ståva vår
 Bilde frå tv-ståva

Det som er bra då, 
er jo at det blir ekstra kjekt når eg endeleg kjøper meg dette kameraet...
Iallefall det me prøver å læra ungane,..
at det er kjekkare med ting ein har ønskt seg/spart til ei stund ;)

Birgit

tirsdag 18. mars 2014

Raskt, enkelt og godt

Av og til når me blir for søtsjuke 
(ja, for det hender jo bare av og til...),
blander me samen ein mjølkering.
Veldig raskt, enkelt og viktigaste av alt veldig godt :)

Slik gjer du :

4,5 dl melk
165 gram smør
Kok opp

185-200 gram mjøl
til det vert "graut"

avkjøles i minst 10 minutter
Sett ovnen på 200 C

Tilsett 4 egg

Ha massen på steikeplata kledd med bakepapir, form som ein ring.
Steikes på 200 grader, nederst i ovnen 35-40 minutt (følg med)

Ha på melisglasur

Ser det ligg fleire oppskrifter på nett, 
men me har brukt denne oppskrfta som eg fant inne hjå Mrs.Hardy
Du finn den her

Velbekomme!

Birgit


fredag 14. mars 2014

Herleg travel tid!

Ja, for det er det våren er..
- travel, men herleg!
(Bilde fra ifjor)
Er veldig spent på korleis denne våren blir...
for me har ENDELEG landa på "kim/ka/kor og koss".
Ting tar tid !!! ;)

Har jo tidlegare skrevet om byggeplanar, 
vore innom både grishus og kufjos...
EG VANT ;) hihi..
Altså, nå blir det til ku - juhu !! 
(Årets første kalv)
Når me omsider hadde bestemt oss for at dersom det vart bygging skulle det væra til kyr, 
klarte me jammen og bruka laaang tid på å "spikra" det og..
Men med litt for mangen usikkerhetsmoment
(for lite areal, sjukt høge summar, 
halvslakke bondekåna(fibromyalgi), behov for ei til inntekt) 
er det jammen ikkje bare å hiva seg uti desse millionbeløpa heller...

Men ved nyttårsskiftet bestemte me oss altså for å gå for det
"den som intet våger - intet vinner" !
 Så nå ventar me på endeleg pris på herligheten, 
samtidig som mannen har starta i ny jobb på Tau.
Og kåno har begynt på nye medisiner og føle seg "fit for fight" 
(krysser fingrar og tær for at medisinene har tenkt å virka leeeenge ;) )

Nå skal det seiast at mannen har fått ein jobb som 
er bra fleksibel iforhold til gardens årshjul.
Så då kan det vell bare gå godt - håpar me!

Fin fredag!

Birgit

tirsdag 14. januar 2014

Igjen ?!?

To innlegg på kun kort tid...tar jo heilt av nå! ;)
 Men løye med det, kor mykje meir ein orke å ta tak i 
når solo endeleg titte fram igjen
-  det kan me lika !

Løye kva den solo gjer med kropp og sjel
- den har MYKJE å sei på mitt humør iallefall! ;)

Vèrsjuk sa du?!? 
....Ja, ein heil del faktisk!! 
(både i kropp og sinn)

Må bare dela eit bilete frå dagens tur med dykk, slik at de får 
sjå (igjen) kor vakkert me har det her inne i Ryfylke ;)
(Dagens tur ja,....
nå høyrtes det jammen ut som om det var ein daglegdags ting her
....hadde det bare vore så vel !!)

Fleire enn meg som nyt utsikten øve bygdo :

Ha ein fortsatt fin dag, og nyt sola !!

Birgit

søndag 12. januar 2014

Godt nyttår !

12.januar, og årest første innlegg.
Bedre seint enn aldri - igjen...

Sist eg var innom her var visst i august ser eg..ikkje bra !
Nytt år, og nye muligheter - bør bli bedre enn i fjor ja !!

Innlegget over her handlar visst om sommarferien ...
Og då må eg gjera godt igjen noko med ein gong, for i det innlegget gløymde 
eg heilt ut å skriva at me hadde ei super helg på Stord hjå søstera mi !
 
Så her kjem eit lite biledras frå somarturen vår til Stord, 
ein del interiør for dei har det kjempefint!!! :



Finaste koppen frå marlenem
 Hagen her er og veldig koseleg :
Hagegruppe frå Ølen Møbel
Tur på den flotte øya :


På tur med onkel :)

 
Kjenner eg savner sommaren etter å ha sitt på desse bileta !! 

Sånn, då har eg begynt der eg slapp,...
..så kansje bileter av jula dukkar opp i april ??
Neida, nå er eg endeleg klar for litt blogging igjen, 
aller mest for nye treff med alle dei flotte damene bak bloggane! 
Gler meg til 2014 :) 

Ha ein fortsatt fin søndag!

Birgit