fredag 15. august 2014

For ein herleg dag

..og eg som grudde meg til gutane skulle begynna på skulen igjen ;)

Men eg må nok bare innrømma at det var (i år og)
herleg å vær aleina på dagane igjen.
Nyta roen, ha god tid ute hjå dyra og rett og slett bare væra meg
(mannen er på jobb idag)

Deler nokre bilder frå dagen min:
 Starta dagen hjå desse her, fekk gutane avgårde på skulen 
før eg var ein liten tur innom "dei rosa"
Frukost pleier eg å ha etter fjosen, 
og idag var det så fint ver at eg 
tok den med meg opp til vatnet bak oss.
 Herleg laang frukost
- heilt til desse skyene kom..
 Ein liten tur oppom til kvigene
som går på beite

Nå skal eg pakka, gi silo og venta på 
mann og barn før det bærer avgårde til hytto :)
*lykke*

God helg!

Birgit


tirsdag 12. august 2014

Karen-huset

Då me flytta til Årdal (juni 2010) budde me ei lita stund hjå svigers.
Dette medan me pussa opp "Karen-huset" 
(navnet kjem av at det er svigerfar sin tante Karen som budde der før)
 Eller det vil sei, me budde hjå svigers til me hadde pussa opp 
soveromma og grovkjøkkenet/vaskeromet,
då det var ferdig flytta me inn. 
Rart kva som går når ein vil,..og har grill ;)
 Her budde me medan svigers bygde seg nytt hus nede i bygda.
Me flytta ned i hovudhuset i november 2011

Etter dette har me leigd det ut, men dei som leigde flytta ut nå i somar.
Huset står bokstaveleg talt på plenen vår, altså litt tett oppi..
Derfor lurte me ei stund på om me skulle slutta å leiga det ut
(det var ikkje noko problem med dei som budde der altså!).

Men sidan me har lagt ut ein del på å pussa det opp
 er det litt for gale å bare la det stå der..

Derfor har me nå møblert det 
og vil prøva å leiga det ut på ein litt anna måte.
 Nå har det seg slik at me bygger opp redskapshuset 
som brann ned ifjor, 
også skal me bygga fjos i vinter, 
så då passar det godt å ha huset til 
"byggfolka"denne vinteren.
(firma frå bysido)

 Etter dette vil me prøva å leiga det ut som feriehus 
og/eller til fiskerar.

Håpar det blir litt utleige - til me har "gått i null" iallefall ;)

 Ha ein fortsatt fin kveld!

Birgit


søndag 10. august 2014

Heimakontoret

I fjor vinter laga me til eit lite kontorhjørna i tvståva, 
dette fordi me har eit gammalt og kaldt hus..
Var herleg for ungane å kunna sitte her å gjera lekser 
istadenfor ved kjøkkenbordet :)

(Skinnfellar er gode å ha i kalde hus..hihi)

Deltar med dette på månadens 
Nib-utfordring
Du finn mange flotte heimakontor her

Birgit


So Me greet

Jippi, eg skal på dette!
Kjem du?
Endeleg har eg meldt meg på eit stort treff igjen.
Denne gangen på austlandet, 
og med tanke på kor lenge det er sidan eg besøkte 
vener der borte passar jo det godt :)
Det er flinke Maia som lagar til, denne gangen med hjelp av Partyplanner-Lise
 Velkomst på Galleriet, VIP shopping i Festfabrikken
workshop med Tonerose Design, vidare med båttur til Sandøya for reker og kvitvin, 
før me avsluttar det heile med grillfest i Brannvakta i Brevik.
Som vanleg har Maia fått inn mange sponsorar, 
Emmeselle er ein av dei
- såå mykje kult der!

Alle bileta i dette innlegget er lånt av Maia : Fabelaktig

Ha ein fortsatt fin søndag!

Birgit


                                                                                 









søndag 3. august 2014

Warszawa

Rett før skuleferien starta hadde mannen min og eg ei langhelg i Warszawa.
Kjekk by som me har vore i før, og gjerne besøker igjen.

Her er nokre bileter frå turen :
 Me budde på Intercontinental Warszawa, i 38 etg med superfin utsikt øve byen
 Champagnefrukost med harpespill attåt (ikkje heilt kva me er vande med..)

;)
Hadde ei super helg, kan anbefale både byen og hotellet (flott og sentralt)
 Ein liten takk til mammen min som var her i Årdal ilag med gutane :)
"Borte bra, men hjemme best"

Birgit