onsdag 30. mai 2012

Bloggtreff hjå KROnPRINSESSENE !

Yey ! 
Ikveld skal eg på bloggtreff hjå May Helen, KROnPRINSESSENE

Gler meg til å møta alle dei kjekke damene igjen, kan jo absolutt skriva igjen 
- for Rogalands bloggerar e jammen flinke å møtast ;)
Gler meg og, masse, til å sjå huset til May Helen
- hu e jo bare SÅ flink !




Først blir det drøs hjå May Helen, 
deretter går turen til kundekveld hjå Thelma og Molli
Etterpå returnerer me til May Helen for endo meir drøs :)

Gler meg !

Birgit 

mandag 21. mai 2012

DIY : Lykter til hagen

Då har eg fått nytta litt av hønsanettingen eg drog inn for nokre dagar sidan.
Såg i eit blad frå Living at dei solgte lykter av glas med netting på,
-så det måtte jo prøvast.

Og slik blei dei :


 Ein treng : 
Syltetøyglas
Hønsanetting
Hyssing (eller ståltråd)
Ståltråd til "hank"


 Eg fant ikkje ståltråd til å ha rundt kanten, men hyssing funka bra det og.


Då må me bare bare spyla verandaen og mala hagamøbler,..
så er me klar for sommar :)

Ha ein fin dag i solo !

Birgit

søndag 20. mai 2012

Eg har latt meg frista,...

...av alle dei fristande innlegga her inne i det sista.
Og heldigvis for det, 
for Pavlova var GODT ! :)

Vanskeleg å velga kva for ei oppskrift eg skulle 
gå for, alle såg jo så gode ut,..
Men eg enda på oppskrifta inne hjå
Marit med den fine bloggen som mine dager er

Eg brukte rips, blåbær og bringebær

  Oppskrifta var veldig enkel, og kaka falt i smak hjå alle mann her
- glad eg enda opp med denne, for kremen er kanongod :)

Marengsbotn:
5 eggekviter
1/4 ts salt
2 dl sukker
 
Pisk eggekviter og salt litt, ha så oppi sukkeret litt etter litt.
Piskes i 10 minutt
Steikes på 125 grader i ca 1,5 time midt i ovnen.
Avkjøles

Eggekrem:
5 eggeplommer
4 ss sukker
2,5 dl melk
3 ts maizenamjøl

Bland alt oppi ein kjele, kok opp på ganske høg temperatur.
Trekkes av plata når det begynner å koka.
Avkjøl

Krem:
1 boks kremfløyte
1 ts vaniljesukker.
 
Piskes til krem

Bland krem og eggekrem, 
ha øve den kjølna botn.
Pynt med ønska bær.

NAM <3
 
Ha ein fortsatt fin søndag, og nyt varmen som er på veg ! 

Birgit



tirsdag 15. mai 2012

DIY prosjekt...

...fytti eg har mangen av dei i håve - får jo såå mangen gøye tips her inne !
Problemet er bare det at eg har ein leie tendens til å la det bli med tanken.
 Og tankar,..ja dei kan vær ganske så 
stressande når det vert for mangen av dei ;)
Nokon som kjenner seg igjen?

Men nå har eg iallefall vore på låven og henta inn noko, 
så får me sjå om det kan nyttast.
 Bonden sjølv synest det er ein kjempe god idè 
å dra inn på tingo eg finn på låven,.. ;)  hihi!

Her er det eg har henta inn :




Så får me sjå om det kan nyttast til noko :)

Men det får venta til i kveld, 
nå skal eg væra med eldstemann til Sola på fotballkamp.

Heia Årdal !!! 

mandag 14. mai 2012

Koseleg arvegods

Sist gutane og eg var heima i Ølen var me tur på besøk hjå 
oldemor og oldefar på Bjoa 
(farmor og farfar)
Der bur dei i kjellaren hjå onkel og tanten min, 
i eit fantastisk flott hus på Utbjoa kai.

Då me skulle gå sprang oldemor inn og henta to kjempe koselege figurar 
hu ville at gutane skulle få med seg :




Supersøte - ekstra koselege når dei er frå oldemor og oldefar då :)
Farmor visste ikkje heilt kvatid hu hadde kjøpt dei, men meinte det var 
ein gong då min pappa og onkel var småtroll.

Ha ein fortsatt fin kveld !

Birgit

fredag 11. mai 2012

Haust kveld ?..

..det følest iallefall slik !
Ute ausar det ner og huset "svaiar i vinden",..

Så kva gjer ein då når eldstemann kjem heim, dryppande våt og iskald ?
Jo, då sender me guten i dusjen mens mammo og minsten lagar kakao
- god unnskyldning til å få litt SJOKOLADE innabords 
(denna damo har nemmleg vore så dum å ingått veddemål om snopestopp..
...heilt te jul ! HJELP!!! )

Tine K lysastakar og krus handla hjå Ølen Møbel


Så - med kakao, fyr i ovnen og levande lys fekk gutane og eg oss ein
 fin, fin haustfølelse denna stormfulle maikvelden ;) 

God helg !

Birgit



søndag 6. mai 2012

Smuldrepai med epler og vaniljekrem

Nam ! 
Søtt og godt :)


Ingredienser:

Smuldredeig:
100 g smør
100 g sukker
100 g mjøl
100 g mandler eller havregryn

Fyll:
5 dl vaniljekrem
3 epler
2 ts kanel

Framgangsmåte:

Bland mjøl, sukker og malte mandler (eller havregryn dersom du foretrekker det). Ha i smelta smør og bland smuldredeigen raskt samen.

Smør ei paiform (ca 24 cm i diameter). Fordel vaniljekremen i botn av formen. Legg på epleskiver og strø over kanel. Fordel så smuldredeigen øve eplene.

Steikes midt i ovnen ved 200°C i 15-20 min.

Veldig godt med vaniljeis til :)

Vel bekomme !

Birgit 

tirsdag 1. mai 2012

Vinnerane !

WOW , 275 lodd
- kjekt at så mangen av dykk ville væra med på giveawayen min :)

Rakk ikkje å trekka vinnerane av giveawayen før gutane var i seng, så når trekkesjefane er vekke får Random Number Generator trø til ;)


Førstepremien gjekk til :
Nina, med bloggen ninasskatter
GRATULERA !


Andrepremien gjekk til :
Hilde, med bloggen hildeM-lykkelig med liten
GRATUELRA !

Sår i "arkivet" her ein dag, og fant ut at eg snart har blogga i 1 år (9.mai)
...så snart dukkar det opp ein ny liten giveaway :)

Ha ein fortsatt fin kveld !

Birgit