Viser innlegg med etiketten gamle ting. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten gamle ting. Vis alle innlegg

lørdag 9. juni 2012

Utfordring !


Vis meg ditt Norgesglas !

Norgesglas..ikkje bare er dei nyttige, men fine og.
Her i huset vert dei nytta til litt av kvart : matkrukker, oppbevaring, 
vasar, lykter osv...

Oppbevaring og pynt på kjøkkenet
Julapynt (som står framme endo..)
Oppbevaring av telys
Blomstervasar


Hagelykter
Eg diggar desse glasa, 
og sidan det stod ein del av dei igjen i Karen-huset 
veks "samlinga" her inne i hovudhuset ;)
Dei kan jo brukast til så mangt
- og garantert til så mykje meir enn eg har komme på!

Håpar du har lyst til å væra med å visa korleis du nyttar ditt Norgesglas :)

(Lag eit innlegg om norgesglaset/glasa på bloggen din, og legg til link under her) 

I tillegg til at Random trekker ein tilfeldig vinnar blandt deltakerane, 
velger eg ut den som "fengar meg mest"
Og premiane,..dei viser eg om litt ;)

Birgit






mandag 14. mai 2012

Koseleg arvegods

Sist gutane og eg var heima i Ølen var me tur på besøk hjå 
oldemor og oldefar på Bjoa 
(farmor og farfar)
Der bur dei i kjellaren hjå onkel og tanten min, 
i eit fantastisk flott hus på Utbjoa kai.

Då me skulle gå sprang oldemor inn og henta to kjempe koselege figurar 
hu ville at gutane skulle få med seg :




Supersøte - ekstra koselege når dei er frå oldemor og oldefar då :)
Farmor visste ikkje heilt kvatid hu hadde kjøpt dei, men meinte det var 
ein gong då min pappa og onkel var småtroll.

Ha ein fortsatt fin kveld !

Birgit