mandag 30. april 2012

For ein dag !

På lørdag var eg, som sagt (skrevet) før, 
så heldig å få væra med på bloggtreff på Ølen Møbel.
Dagen starta med lunch på Fugl Fønix i Etne, 
deretter gjekk turen til Ølen og dagens høgdepunkt :

Øve 30 interiør- og shoppegale damer inntar den flottaste butikken, 
- Ølen Møbel !

Her er eit aldri så lite bilderas frå dagen :


Lunch på Fønix - Tusen takk til Anita (My home)som spanderte !

Så satte me naso mot Ølen, der me vart (som de ser) varmt tatt imot :)

(Bilde lånt av Mrs Hardy)
Hilde (Feien og Fjong) og Manuela (Mrs Hardy)
Heldige meg fekk lov å låna denna litle skjønnasen av kulaste Bodil (Bodil-Bo)
Her er eg ilag med søte Anita
Tusen takk for ein kjempe kjekke dag !
Var heilt topp -skulle bare hatt endo meir tid til å fått prata med 
fleire av dei flotte damene som var med.
...neste gong ;)

Ein stor takk til Anita og Bjørn som lot oss få komma til den 
MAGISKE butikken deiras ! 
For ein butikk, og for ein serice !!!
Og Silje(Siljes blogg) : Takk for at du stelte i stand det heila :) 

Og resultat frå shoppingo blei det jo,..det viser eg seinar ;)

Ha ein god dag !

Birgit

torsdag 26. april 2012

Gler meg MASSE !!!

Ja, eg gler meg ein heile haug faktisk :)
For nå skal eg pakka i bilen, og når gutane kjem frå skulen 
frese me av gårde til Ølen.

Alltid kjekt å reisa heim, men denna gongen gler eg meg EKSTRA masse,
 for i måro skal eg på bloggtreff på Ølen Møbel ! 
JUHU !!!


Herlig å sleppa den "skumle magafølelsen" 
som eg hadde før sist treff (i mars), 
det var mitt første treff og eg var litt nervøs ja,
men eg fant jo fort ut at det var heilt utan grunn..
FOR EIN KJEKKE GJENG ! Ikkje mykje "farlege" dei damene nei ;)

Gler meg til å møta fleire av dei igjen, og gler meg til å helsa på nye fjes 
- detta blir gøy ! 

Her er liste over alle som blir med i morgon, og link til dei flotte bloggane dei har :

Lisette- Lisettes perler
Martha - Marthas lille boble
Manuela - Mrs. Hardy
Hilde - Feien og fjong
May Helen - Kronprinsessene
Annfrid - Min glede
Tonje - ForeverLove
Henriette og Helene - Frøken og Fru
Linnea - Tretoen
Kristina - Nordibygdo
Kaja - no55
Linda -  Hjertehuset.
Vibeke - skråningen
Tone - Tonemelonedesign
Linda - Den gode feen
Eline - Fargebarn
Susanne - Hus på rophus 
Bodil - Bodil Bo
Tone Lovise - Grønsdalgård
Ann Helen - Moderne stil
Kjersti - Ynde
Diana - My dream

Og når ein skal til Ølen Møbel kan ein jo ikkje anna enn å gle seg !!!


Gutane gler seg enda meir enn vanleg dei og, for antal hundar i huset i Ølen har auka frå 4 til 21 sista veko - eg gler meg og til å sjå dei altså ;)

God helg !

Birgit

tirsdag 24. april 2012

Snart ferdig med soverommet,..

...eller ?
Eigentleg burde det vore FERDIG for ei stund sidan, men ting tar tid ;)

Nattbordlampar frå Ikea,..må bare få på plass nattbord ;)

 Ei god stund sidan me blei "nesten ferdig" med fleire rom her i huset.
Som sagt(skreve) før maler me bare her i huset nå i første omgang 
- i påvente av renovering.
Kjekt å få sitt eige preg på det i staden for å bu i "svigers sitt hus" 
- ikkje det at eg trur bonden sjølv hadde hatt noko imot det, men ;) 

Våga å prøva noko anna enn kvitt når eg visste det bare er midlertidig..

Tips til hodegavl mottas med takk :)
Då me flytta inn her i haust var me/eg kjempe ivrige og fekk malt mykje
- i MANGE rom..
...bare eit blei ferdig - så stoppa det, av forskjellige årsaker, opp.

Likar dei gamle dørene på soverommet !
Så nå må eg prøva å ta meg sjølv i nakken og bli ferdig
 med fleire av romma her,
..stakkar minsten søv på storebror sitt rom enda !

Fleire som har ting dei skulle/burde/ville ha gjort ???

Uansett : Fortsatt fin tirsdag ! :)

Birgit





lørdag 21. april 2012

Fri helg...

...heilt fri faktisk !
Eller ? 
Joda, bondekåno har HEILT fri ;) 
Me har avløysar i fjosen og grishuset er TOMT !
(nåke som betyr vasking og klargjering til neste innsett (som kjem på torsdag), men grunna sjukemelding og slikt vas må bonden sjølv ta all vaskinga denna gong,..stakkar! ...Men bondekåno har fri,..hihi) 

ca.slik ser grisene ut når dei reiser herifrå..

..og slik ser dei ut litt etterpå ;)
  Nå skal eg IKKJE skrøyta på meg at eg har vore mykje i grishuset i det sista, men dei få dagane i året då det er tomt for griser gjere GODT :)
Me har ikkje nytta avløysaren i grishuset endo, så heilt fri har me når det er tomt for griser 
- eller når me er vekkreist (takk svigerfar)
Planen er absolutt at avløysaren skal få prøva seg hjå dei rosa og 
- og det ganske SNART ! 
Blir herleg å ha HEILT FRI anna kvar helg :)

Høyrest ut som eg syter nå ser eg,..men bare så dykk veit det :

Bondelivet er heilt topp - men fri må ein jo ha av og til :) 

Slik ser grisane ut når me får dei - SØTE :)
(Bilder funnet på google.com)

Ynskjer dykk alle ei fin helg,
 med eller uten gris (i grishus eller på bordet)

Birgit



søndag 15. april 2012

Gler meg til sommar !

Har funne fram litt av "sommartingo" i håp om at temperaturen stig snart ;)



Ønsker alle ein fin søndag !

Birgit

søndag 8. april 2012

Gulrotmuffin à la R.O.O.M

Må bare dela denna fristelsen :)
Farleg gode...

Gulrotpynt kun til bildepryd ;)

Ingredienser:

3 store egg
2,5 dl matolje
350 g sukker
2 ts vaniljesukker
2 ts kanel
0,5 ts muskat
0,5 ss natron
0,5 ss bakepulver
325 g kveitemjøl
100 g kokesjokolade
400 g revet gulrot
1 1/2 eple

Ostekrem:
200 g smør
500 g melis
400 g kremost
3 ss vaniljesukker



Framgangsmåte:

Pisk saman egg, olje og sukker til massen blir lys. Sikt saman kveitemjøl og dei øvrige tørre ingrediensa. Bland i. Rør i hakka kokesjokolade. Riv gulrøttene fint. Skrell epla og riv desse og. Vend revne gulrøtter og revne epler i deigen.

Fordel deigen i store, amerikanske muffinsformer så dei blir omtrent 2/3 fulle. Steik muffinsane på steikeplate midt i ovnen ved 180°C i 25-30 min (sjekk med kakenål at muffinsane er heilt steikte). Avkjøl.

Rør saman romtemperert smør og melis til ostekremen. Pisk så inn romtemperert kremost og vaniljesukker. 
Kleis på ;)

VELBEKOMME :)

God 1.påskedag !

Birgit

fredag 6. april 2012

Tine K og Ølen Møbel

For nokre helger sidan hadde eg besøk av 
ei av mine beste barndomsvenninner.
Hu hadde pakke med til meg, snille Kristine ! :)

Og hu kunne ikkje truffe betre ! 


Fekk skåler frå Tine K, som hu hadde kjøpt hjå Ølen Møbel.
Sko trudd hu kjente meg... ;)

Og då passe det jo godt at me snart skal på bloggtreff i Ølen, 
slik at eg får fylla med koppar o.l 

Og sjå kva eg/me fekk til jul av mamma og pappa : 


Gåvekort hjå Ølen Møbel ! Juhu !!! :)

Fin fredag !

Birgit

onsdag 4. april 2012

Drømmer om kaffimaskin...

..har drømt om det en stund, men det koster jo litt.
Men nå har kitchn kampanje på MASKINA eg vil ha !!!

Bilde lånt frå kitchn.no

 Jippi ! Eller...
Jo, det er jo bra,..
Men nei, fillen og : dårlig timing ! 
- det var jo (av alle ting) mjølkeanlegg me skulle kjøpa nå først...

Bilde lånt frå finn.no

 ARG !!!
Av og til er det ganske så vanskeleg å venna seg til prioriteringane
 me tar etter at me blei bønder..
...slik som NÅ :(

Men for all del, det blir jo FANTASTISK å 
"gå på jobb" når me har bytta anlegg :-)
...Så me får heller venta te neste kampanje
 - og moccamasteren duge jo den og ;)
(håpe maen lese detta,..og huske det til bursdag eller jul)

Ha ein fortryllande flott kveld i fina veret - nyt sola,..og kaffikoppen !

Birgit

tirsdag 3. april 2012

Bloggtreff i Ølen !

Jippi,..Lørdag 28.april - eller eigentleg heile den helga, skal eg heim til Ølen ! :)
Lørdagen er me bloggerar så heldige å få komma på 
"førmiddagstreff" hjå Ølen Møbel
(sjekk ut den fine bloggen innehavaren har her.)

Etter sist bloggtreff (mitt første) kjenner eg at eg gler meg 
MASSE til å få møta mangen av 
dei kjekke damene igjen
- og til å helsa på nye :)


 Har DU meldt deg på ? 
Visst ikkje er det påmelding til denne mailadressa :
siljehusebo@gmail.com 

GLER MEG !
ekstra gøy at det er i Ølen då ;) 

Birgit

mandag 2. april 2012

Give away !

Øve 10 000 sidevisningar (nesten 11 000) - er mykje det for litle meg ! 
Dette må sjølvsagt feirast med ein liten give away :)

Er såå glad for alle som er innom her, 
og kjempe glad for alle dei koselege komentarane de legg igjen ! 
Takk <3

Førstepremien er eit nydelig skjerf, kjøpt hjå Den Franske Landstil 
(kjøpte eit då me var der på Fabelaktig bloggtreff i mars, 
men så fekk me eit i goodiebagen frå dei 
- så det vil eg gjerne dele med ein av dykk)


 Andrepremien (ein liten trøstepremie) er to pakkar med serviettar frå Kremmerhuset 


 Slik funker det :
1 lodd for kommentar under innlegget her
1 lodd for å bli/være følger 
2 lodd for å linke denne give awayen på bloggen din
(husk å skriv kor mangen lodd du har "oppnådd")

Trekning 1. mai

Lykke til !

Birgit

søndag 1. april 2012

Ein flott dag i snøen

Me er så heldige at me bur kun 10 minutts køyretur frå Lyngsheia 
- "vinterlandet vårt" :)

Ved frukosten igår lova eg Benjamin at me skulle ta ein tur opp der,...
..om han blei med meg og tok litt av helgavasken først ;)
Og jammen kan han når han vil ! 

Så etter ein runde med støvsugar og klut pakka me i bilen og tok avgårde til vinterland <3

(Minsten - Ruben, er på leir og maen e bonde - så det blei
 Benjamin, vofsen og meg som tok turen.)


Nanok nyt utsikten ;)
 Var heilt fantastisk der oppe - for ein flott natur me har !!!


Ikkje lett detta her,..
 
...godt nok ;)



På veg ned igjen - flott utsikt øve Øvre Tysdalsvatnet og Valheim

 Hadde tenkt å laga eit innlegg med bilder av litt vårlige ting i huset idag, 
men måtte bare dela bilder frå den flotte dagen vår !

Men,.. eit av bildene må eg bare visa ;)
det avsløre nemlig at me skulle gjort litt meir husarbeid før me for..hihi.



Sjekk DET kjøkkenvinduet - på tide med ein vask kansje ??? ;)

Ja, ja,..me hadde iallefall ein fin tur opp i snøen
...og der va ingen skitne vinduer ;)
Og idag er det søndag,.. så det må nok venta litt til.

Fin søndag !
(P.S : I kveld kjem det ein liten giveaway her)
Birgit