Viser innlegg med etiketten kake. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kake. Vis alle innlegg

tirsdag 18. mars 2014

Raskt, enkelt og godt

Av og til når me blir for søtsjuke 
(ja, for det hender jo bare av og til...),
blander me samen ein mjølkering.
Veldig raskt, enkelt og viktigaste av alt veldig godt :)

Slik gjer du :

4,5 dl melk
165 gram smør
Kok opp

185-200 gram mjøl
til det vert "graut"

avkjøles i minst 10 minutter
Sett ovnen på 200 C

Tilsett 4 egg

Ha massen på steikeplata kledd med bakepapir, form som ein ring.
Steikes på 200 grader, nederst i ovnen 35-40 minutt (følg med)

Ha på melisglasur

Ser det ligg fleire oppskrifter på nett, 
men me har brukt denne oppskrfta som eg fant inne hjå Mrs.Hardy
Du finn den her

Velbekomme!

Birgit


søndag 6. januar 2013

Oreo himmelsk fromasjkake

Ja, det var det dei kalla kaka på detsoteliv.no
Og himmelsk var den !!!

I mangel på friske bær blei det bare sjokoladesausen oppå vår idag.
Men den "gjekk ner" likevell ;)

Her er oppskrifta : 
(henta frå detsoteliv.no)

Ingredienser:

Oreobotn:
300 g Oreokjeks
75 g smør

Ostefromasj:
1 pk jordbærgelépulver
2,5 dl kokande vatn
200 g kremost naturell
3 dl lettrømme
100 g melis
3 dl kremfløyte

Sjokoladefromasj:
1 pk sjokolademousse med betar av mlkesjokolade (Freia)
3 dl kremfløyte

Pynt:
jordbær eller andre friske bær
sjokoladesaus 

Slik gjer du :

Oreokjeks (behold kremfyllet i midten) i ein foodprocessor og kjør til smular. Bland dette med smelta smør.

Ha blandingen i botn på en kakeform (26 cm i diameter) og sett i kjøleskapet.

Løys opp jordbærgelépulveret i kokande vatn. La geléblandingen stå til den er avkjølt, men fortsatt heilt flytande. Pisk samen kremost, rømme og melis til ei jevn og klumpfri osterøra. Bland den avkjølte, flytande geléblandingen i ostefyllet og rør godt. Pisk kremfløyten til krem og vend inn i ostefyllet til slutt. Bruk ein stålvisp så alle kremklumpar forsvinn og osterøra blir jevn og glatt.

Hell ostefyllet øve oreokjeksbotn i kakeforma og sett forma i kjøleskapet i minst 4 timar (eventuelt over natta).

Pisk sjokolademoussepulveret med kremfløyte til blandingen er stiv (ikkje pisk så lenge som det står på pakningen, bare til moussen blir stiv og tjukk. Fordel sjokolademoussen øve ostefromasjen i forma og sett den tilbake i kjøleskapet i 4 timer eller til moussen har stivna (eventuelt over natta).

Løsna kakeringen frå kaka og pynt kaka med friske jordbær eller andre bær. Ringle over rikelige mengder med sjokoladesaus før servering.

                                                           ENJOY !

                                                                                Birgit 
 

søndag 16. desember 2012

Farlig god, og enkel...

..det kan me lika !!


For nokre veker sidan la eg ut bilete av ein dessert på Instagram (birgitav), 
lovde då nokre av følgerane mine der at det skulle komma oppskrift på bloggen.
Ei stund sidan, men her kjem den iallefall :

 Oreodessert :

3 pk knust Oreo kjeks
2 fløyte
1pk Philadelphia ost (300g)
400 g melis
Litt vaniljesukker
2 pk bær på toppen (valgfi bær, eg brukte av det eg hadde i frysen)

Knus oreokjeksen og legg i botn av forma (stor form eller ei skål)
Pisk fløyten
Ha i Philadelphia ost, melis og vaniljesukker
Bre kremen øve kjeksen
Til slutt : Bær på toppen

 ENJOY !

Ha ein fin søndag !
Birgit