torsdag 8. august 2013

Litt for seint ute...

For ein gongs skyld hadde eg tenkt å delta på Nib sin utfordring, 
var faktisk godt i gong og...
Nib-utfordring "Stuepike?"
Men med detta "drita nettet" me har nytta det ikkje å vær ute i siste liten !
Tar jo bare sååå lang tid å lasta opp desse bileta !! ARG !!!

Sånn, då hadde eg fått ut det...

Når eg endeleg er inne på tanken igjen, må eg jo laga te eit lite innlegg  ;)
Har ikkje akkuratt tatt av denna bloggingo i sommar nei...

Men fin sommar, det har me hatt :)
Ikkje så mykje feri endo, men eit par langhelger har det blitt.

Ei helg på mamma og pappa si hytta :
Beste plassen!!
 Eit par netter i Sarons dal, telttur :)
Love it!
 To kjekke dagar i Dyreparken har me og hatt :)

Som de forstår har me vore mykje heima denne sommaren, 
men når me bur på ein plass der me trivest så godt som me gjer går jo det heilt fint ;)
Badetur ved vatnet rett bak oss <3
Kveldstur i Ryfylkebassenget <3
Flottaste arbeidsplassen <3
Som de ser har me det fint når me er heima og, men feri treng me alle!
Og når ein er bønder må ein reisa vekk for å ha fri  !!! ;)
(ps.klagar ikkje-me har valgt det sjølv ;) )

Så, etter kveldstellet i måro har me 9 dagar fri/feri
- JUHUU !!!
Gler meg som ein unge, for me har nemleg bestilt oss tur til Alanya
Turen vart bestilt på mandag
- godt me har snill avløysar, svigerfar og rektor!
(ungane får to dagar lenger sommarferi..)

"Alltid tidleg ute" 
...eller, koss va nå det der ???

Jaja, tur blir det jo :)
 #GLEDE#

..ang Nib-utfordringen..så får eg prøva å vær tidlegare ute neste gong ;)

God natt !

Birgit




onsdag 19. juni 2013

Har du vore der,..

..på Amundsen spesial i Haugesund ?
Visst svaret er nei bør du gjera noko med det ;)
 Ikkje ofta eg anbefaler butikkar, men denna er noko for seg sjølv, 
den er faktisk ein av få butikkar eg får mannen med inn på uten "sure minèr" ;)
- og det seier litt, for min mann er ikkje den største shopparen (heldigvis)
 Kvar gong eg er i Haugesund må eg inn her ein tur, om eg ikkje skal ha noko og
- bare for å oppleva atmosfæren.
Føler ein går litt tilbake i tid (på ein positiv måte), 
litt slik eg innbiller meg at det var hjå kjøpmenn før i tida, koseleg, varmt og null stress!
(Bileta frå butikken tok eg då mannen og eg var innom i februar)

Amundsen spesial finn du i Haugesund sentrum og på Oasen Storsenter.
I begynnelsen av juni åpna dei nettbutikk - også verdt eit besøk !
Dei leverer og varer til butikkar rundt om i heila Norge, bla. til Kremmerhusa.

Då me var på bloggtreff fekk me to heilt magiske goodiebagar av Amundsen.
Etter å ha smakt på dette og kikka på nettbutikken deiras har eg handlelista 
klar til neste gong eg er i Haugesund.

Alt dette fekk me:

 Te, varm sjokolade og kjeks frå Whittard
 Olivenolja, oliven og pesto frå JME Food
  
Når ein held seg frå å eta snop kjem varm sjokolade
veldig godt med ;)
<3 Love it <3
Tusen takk til Amundsen spesial for alt det goda me fekk!

Birgit 

fredag 14. juni 2013

Første goodiebag ut :

Skulle jo for lengst ha laga innlegg om goodiebagane
me fekk på bloggtreffet i Haugesund, 
men dagane fyke jo avgarde..
Her kjem iallefall innlegg om første posen,
- så får me håpa dei neste innlegga kjemm litt tettare ;)

Då me kom var det dekka fantastisk flott i hagen :
På kvar plass stod det ein goodiebag fullstappa av godsaker :
Alt dette fekk me :
Pose fra Uashama, levert av Brun`o interiør i Haugesund 
Magasinet Henne levert av Aller 
og interiørmagasinet Bolig pluss
Boken Ønskelisten av Gregoire Delacourt, levert av Aschehoug
Kondom og carmex fra RFSU
Leppepomade fra Burts bees
Pukka te fra M. Willumsen
 Oppvaskkost, oppvaskhåndkle og klut fra Ib Laursen
 Papirsugerøyr fra Festfabrikken
Plumbo Clean fettløser fra Krefting
Silkeskjerf og øyredobbar fra Kristine Vikse
Skjerf fra Barfota
Serviettar fra Palma
Såpestykke fra  Tine K Home
Lyslykt bolle fra Leve serien, levert av  Wik & Walsøe
 
Wow seier eg bare ! 
Og dette var ein av påsane...
Tusen takk til alle dei flotte sponsorane :)
Og ikkje minst til Maia og Karianne som har fått til alt dette!
 
Birgit
 



fredag 7. juni 2013

Goodiebag

Nå må det først seiast at det ikkje er på grunn av goodiebagar me har bloggtreff, 
...men det er vell ingen hemmelighet at me like dei ;) 

Og denne gagen tok det mildt sagt heilt av, 
fy søren så mykje me fekk med oss heim !!
*øvevelda*

Skal sjølvsagt blogga om dei forskjellige tinga og sponsorane, 
men nå skal eg på topptur i vakre Ryfylke!

Hiv bare inn eit bilete av det me fekk, 
så kjem det meir om det seinare.

Fin fredag!

Birgit

onsdag 5. juni 2013

Våronn og bloggtreff

Sist veka blei ei magisk veka, full av kontrastar!
Den starta med våronn her heima
 og enda med tidenes bloggtreff i Haugesund.

Først litt bilder fra våronna,, elskar desse dagane med yrande liv på garden :)
 "Kvalitetstid" med heile fam`en i aksjon, steinhenting ;)
Like at mannen er gentleman og gir nyaste traktoren te kåno ;)
Klargjering te beiteslepp.
Beiteslepp, ikkje mykje som er så flott som 
beitande kyr i vakker Ryfylkenatur!
<3 BONDEROMANTIKK <3

Så kom helgo :)
 På lørdag var eg ei av 50 heldige damer som fekk vera med på
Sommarkos i Haugesund
- for ein kveld !

Tar av meg hatten og bøyer meg i støvet for Maia og Karianne 
som har laga til dette
- for nokre flotte og dyktige damer !
Framkomstmiddelet - 
fint å reisa kollektivt når ein får komma hompande i ein flott veteranbuss
For ein magisk plass Karianne har !
 Bilde lånt av Maia
Bilde lånt av Maia 
Flotte Karianne ynskjer velkommen
Designer Kristine Vikse prata om tanken bak hennar design og bedrift
 (Bilde lånt av Maia)
Hedda fortalde om bærekraftig handel og sin bedrift Crush concept
(Bilde lånt av Maia)
Cathrine som driv  Bryllupsbyrået
prata om sitt konsept og dei forskjellige tilbuda dei tilbyr.
(Bilde lånt av Maia)
Eva Marianne og Trond fortalde om firmaet sitt Amundsen spesial
, som i desse dagar har åpna nettbutikk
- kikk innom !!
Goodiebag
..og ikkje bare ein, 
heile 4 stk fekk me !!!
WOW !
Innlegg om desse kjem seinare :)

For eit treff, for ein kveld, 
for ein plass, for ein mat, for nokre gåver 
og ikkje minst - for nokre damer!
Skulle bare hatt meir tid til å fått prata med alle
...neste gong ;)

Birgit


fredag 26. april 2013

Vårblomar

Endeleg begynner vårblomane å kikka fram!
 Sjølv burde eg kansje ikkje vore så glad for det, 
for grøne fingrar er absolutt noko eg er i manko av!
 Men eg har jo auge som funke, 
så eg ser jo at det er fint med dei blomane.. ;)
 For eit par veker sidan fekk me vekk litt buskar og kratt i hagen her,
..klypte eføy til den store gullmedalje! 
Fytti koss dei veks - inn i alle krinkelkrokar !!! 
Men nå er dei altså vekke :)
Denne frua bør ha minst mulig krimskrams i hagen!

 Ønsker dykk alle ei 
GOD HELG
..med eller utan hagearbeid :)

Birgit

mandag 15. april 2013

Treningssenter inn i ståva ?

Ja, du leste rett ;)

På torsdag var eg i forening her i bygda, 
der snakka dei om eit treningssenter på nett:
-genialt for oss som bur eit stykke ifrå eit senter !
 Så dette måtte eg jo sjekka ut :)
Og det virka veldig greit!
Ingen innmeldingsavgift, 
ingen bindingstid 
og kun 50,- i mnd for medlemsskap
(dette trekkes så lenge du har profil hjå dei).
 Lørdag meldte eg meg inn, søndag hadde eg stive musklar ;)

Bur du eit stykke frå treningssenter, 
eller har du ein kvardag der du treng å kunna
trena akkurat når det passar for deg ? 
Sjekk ut dette ! 

 Lykke til !
Her kryssar eg fingrane for at sjølvdisiplinen ikkje skal svikta...

Birgit

lørdag 6. april 2013

Vinnaren !

Tirsdag skreiv eg at eg skulle trekka vinnaren
av giveawayen iløpet av dagen.
Men nå vart ikkje den dagen akkurat som planlagt...
Ganske langt ifrå slik som planlagt faktisk!
Utpå ettermiddagen stod nemleg redskapshuset vårt i full fyr

Med tanke på kor nærme fjosen dette stod
var det ganske så skummelt i byrjinga,
men då brannmennene var på plass og me såg
at dei fekk kontroll gjekk det heile veldig fint.

Trasig å mista redskapshuset på denne måten, og brann er skummelt!
Men alt som var i dette huset kan erstattast
- bare ting som gjekk med i brannen :)

Vell, tilbake til vinnaren av giveawayen :

Det vart trekt heile 277 lodd og gutane fekk i oppgåva å velga vinnartalet
Etter vekas hendelse vart talet (ikkje øveraskande) 110 ;)

Og den heldige vinnaren vart Tina T GRATULERA !

Fint om du vil senda meg mailadressa di på
birgitvalheim@hotmail.com ,
så sender eg den vidare til butikken.

God helg !

Birgit