Viser innlegg med etiketten inertiør. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten inertiør. Vis alle innlegg

tirsdag 2. juni 2015

Grønne fingrar ?

Ja, den som hadde hatt det..
dette er nok noko eg manglar! 
Burde kansje hatt det sidan eg har gått på jordbruksskule,
men eg kan vell trygt sei at faget "hagebruk" ikkje var min favoritt ;)

Her i huset dauar dei raskt mangen av plantene eg prøver meg på, 
eigentleg er det bare grønne, enkle planter som står lenge her. 
Men dei er jo fine dei og då ;)

For nokre veker sidan fekk eg desse tre urteplantene av mamma, 
og dei er faktisk grønne enda! *stolt 
..ikkje så grønne som dei var på bilde her då, men...

 Her er eks på planter som trivest her hjå meg :
Genialt at det finnest planter som tåler LITE stell ;)

Så får eg heller prøva litt forskjellige planter både ute 
og inne dersom interressa for dette plutseleg dukkar opp ;)
- hadde jo vore bra det, for ingenting er så fint som ein flott blomsterrik hage! 
..det klare eg å sjå...
 
Ha ein fortsatt fin kveld :)
 
Birgit
 

tirsdag 12. august 2014

Karen-huset

Då me flytta til Årdal (juni 2010) budde me ei lita stund hjå svigers.
Dette medan me pussa opp "Karen-huset" 
(navnet kjem av at det er svigerfar sin tante Karen som budde der før)
 Eller det vil sei, me budde hjå svigers til me hadde pussa opp 
soveromma og grovkjøkkenet/vaskeromet,
då det var ferdig flytta me inn. 
Rart kva som går når ein vil,..og har grill ;)
 Her budde me medan svigers bygde seg nytt hus nede i bygda.
Me flytta ned i hovudhuset i november 2011

Etter dette har me leigd det ut, men dei som leigde flytta ut nå i somar.
Huset står bokstaveleg talt på plenen vår, altså litt tett oppi..
Derfor lurte me ei stund på om me skulle slutta å leiga det ut
(det var ikkje noko problem med dei som budde der altså!).

Men sidan me har lagt ut ein del på å pussa det opp
 er det litt for gale å bare la det stå der..

Derfor har me nå møblert det 
og vil prøva å leiga det ut på ein litt anna måte.
 Nå har det seg slik at me bygger opp redskapshuset 
som brann ned ifjor, 
også skal me bygga fjos i vinter, 
så då passar det godt å ha huset til 
"byggfolka"denne vinteren.
(firma frå bysido)

 Etter dette vil me prøva å leiga det ut som feriehus 
og/eller til fiskerar.

Håpar det blir litt utleige - til me har "gått i null" iallefall ;)

 Ha ein fortsatt fin kveld!

Birgit


torsdag 10. januar 2013

30 000...

..sidevisningar ! 

Sjølv om eg veit at dette er eit lite tal for mangen her inne, 
må eg jo bare innrømma at 
dette er eit stort tal for "litle meg"
Derfor velger eg å jubla og vær glad for det ;) 
Juhuuu !!! 
Viktig å gleda seg øve dei små gledene og

Ellers kan eg røpa at det snart kjem ein liten giveaway her inne, 
denne gangen i samarbeid med ein kjekk og litt annerledes butikk her i Ryfylke !
Så følg med ;)

Kan og nemna at eg er på Instagram
- glad om du vil følga meg der
... BIRGITAV ...

(om nokon tek seg bryet med å forklara ein uvitande(meg)
korleis eg får lagt ut "knapp" til Instagram her på bloggen
vert eg veldig glad ;) På forhand takk !

Ha ein fin dag!

Birgit

lørdag 5. januar 2013

Advent på Valheim gard

Ja, eg veit..seint å komma med innlegg om det nå!
Men si desember var ein heller slakke "bloggemånad" kjem det eit aldri så lite biledras
 av førjulstida her hjå oss nå :
Årets adventsstake (fjorårets nå då..)
Også i år starta eg kjempetidleg med presangane, og blei ferdig kjempeseint...

Kalender for små..
..og store
Eldstemann blei 11år <3

..og hadde selskap ute i snøen :)
Litt matlaging høyrer jo adventstida til :
Fekk opplæring i kråtakakebaking hjå mannens farmor - gøy!

Minsten laga marsipansnop

Eldstemann fiksa havrekuler

Mannens favoritt

Viktigast !!!
 Også på barnaklubben blei det gjort litt "julating":


                                                                Så laga me litt heima og...

Litt sjuka:
Minsten fekk spyo, men blei heldigvis med han
Fekk nye griser :
Søte når dei kjem...verre når dei fer herifrå...
I huset til denna frøkno var nok desember som andre månader :
SNØ :

Meg = rotete lister..mange lister, på altslags papir, øve alt i huset

Kø - meg = ARG !!! (..passe ikkje i by`n)
Og tid te å slenge rompa nerpå sofaen blei det og, desember er jo kos då !!

Søskenkjærleik <3
Det var litt av førjulstida hjå oss !

God helg !

Birgit

lørdag 9. juni 2012

Utfordring !


Vis meg ditt Norgesglas !

Norgesglas..ikkje bare er dei nyttige, men fine og.
Her i huset vert dei nytta til litt av kvart : matkrukker, oppbevaring, 
vasar, lykter osv...

Oppbevaring og pynt på kjøkkenet
Julapynt (som står framme endo..)
Oppbevaring av telys
Blomstervasar


Hagelykter
Eg diggar desse glasa, 
og sidan det stod ein del av dei igjen i Karen-huset 
veks "samlinga" her inne i hovudhuset ;)
Dei kan jo brukast til så mangt
- og garantert til så mykje meir enn eg har komme på!

Håpar du har lyst til å væra med å visa korleis du nyttar ditt Norgesglas :)

(Lag eit innlegg om norgesglaset/glasa på bloggen din, og legg til link under her) 

I tillegg til at Random trekker ein tilfeldig vinnar blandt deltakerane, 
velger eg ut den som "fengar meg mest"
Og premiane,..dei viser eg om litt ;)

Birgit






søndag 25. mars 2012

Bedre seint,..

..enn aldri !

Lovde at eg skulle legga ut bilder av alle dei fine tinga me fekk på det 
fabelaktige bloggtreffet eg var på for litt sidan 
- her står me midt oppi våronna så tida strekk ikkje heilt til.

Men her kjem omsider bilder av alle tinga :


På stolane våre stod det store goodiebagar 
- oppi dei var alt det fina på bilde øve her.
Masse flott som fabelaktige Maia hadde fiksa til oss :)


I loddtrekninga var eg så heldig å vinna ein pose med mykje fint frå butikken Thelma & Molli 
- denne butikken ligg i Solakrossen. 
Butikken er og annonsør hjå May Helen sin flotte blogg KROnPRINSESSENE


Til slutt eit bilde av alt frå den flotte kvelden.
Fekk mykje fint - og det er jo alltid kjekt ;)
Men det kjekkaste av alt var å helsa på alle dei flotte damene som var der
- for ein gjeng, og for ein kveld !

Gler meg til neste treff :)

Ønsker dåken alle ei fin, fin ny veka !
P.S : Til helga blir det ein liten giveaway her - for å feira øve 10 000 sidevisningar
(for litle meg er det STORT ;) )

Birgit

fredag 2. desember 2011

Fornying eller tradisjon ?

Etter haustens MANGE flotte juleinspirasjonar her inne hadde eg hovudet stappa av nye idear for både pakkekalender og adventsstake,... 
Men, då det nærma seg 1.desember og gutane begynte å engasjera seg fant eg jo fort ut at det verken var pakkar hengande på rekved-plank eller 4 kubbelys på eit rustikt fat gutane såg føre seg - og gleda seg til...

Det var nok andre ting dei hadde i tankane ja...
Nemleg pakkekalenderen med nissen på - som oldemora sydde til eldstemann første jula hans, og Perfect Home adventstaken me har hatt i mangen år...

Og når dei er så tydelege på gleden øve desse tradisjonane hadde eg jo ikkje samvittighet til å "trumfa" gjennom mine NYE planar...




Og nå når det er på plass - ja, då må nok ho mamma og innrømma at dei har sin sjarm desse tradisjonane  

<3

Ha ein god dag !

Birgit

søndag 30. oktober 2011

DIY/SDS "Ny lysestake"

Husker du messingstaken eg viste bildet av her ein dag ? 
Nå har eg endelig somla meg til å spraya den ;)

Stussa litt på om eg ville ha den grå eller kvit,..grå blei den
- men, kansje blir den kvit ein anna gong...?




 Lysestake frå Fretex og spray frå Biltema

 


Forandring fryder ! :)

Birgit