Viser innlegg med etiketten kvardagsliv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kvardagsliv. Vis alle innlegg

fredag 14. mars 2014

Herleg travel tid!

Ja, for det er det våren er..
- travel, men herleg!
(Bilde fra ifjor)
Er veldig spent på korleis denne våren blir...
for me har ENDELEG landa på "kim/ka/kor og koss".
Ting tar tid !!! ;)

Har jo tidlegare skrevet om byggeplanar, 
vore innom både grishus og kufjos...
EG VANT ;) hihi..
Altså, nå blir det til ku - juhu !! 
(Årets første kalv)
Når me omsider hadde bestemt oss for at dersom det vart bygging skulle det væra til kyr, 
klarte me jammen og bruka laaang tid på å "spikra" det og..
Men med litt for mangen usikkerhetsmoment
(for lite areal, sjukt høge summar, 
halvslakke bondekåna(fibromyalgi), behov for ei til inntekt) 
er det jammen ikkje bare å hiva seg uti desse millionbeløpa heller...

Men ved nyttårsskiftet bestemte me oss altså for å gå for det
"den som intet våger - intet vinner" !
 Så nå ventar me på endeleg pris på herligheten, 
samtidig som mannen har starta i ny jobb på Tau.
Og kåno har begynt på nye medisiner og føle seg "fit for fight" 
(krysser fingrar og tær for at medisinene har tenkt å virka leeeenge ;) )

Nå skal det seiast at mannen har fått ein jobb som 
er bra fleksibel iforhold til gardens årshjul.
Så då kan det vell bare gå godt - håpar me!

Fin fredag!

Birgit

tirsdag 24. juli 2012

Julikveld

Sol frå klar himmel, vindstille og god temperatur..
Ute ved grillen, jordbær i skåla, kald drikka 
og gutane spring barbeint på plenen....

Eller,..nei slik var det visst ikkje.

Øs pøs, tåka og regn...
Inne med fyr i ovnen, kjøttsuppa til middag, 
levande lys, varm te i koppen 
og gutane sitt på skinnfellen og ser tv ;)
 
Blomst og potte frå Ikea, telysestakar frå Home&Cottage

Haust på bordet i kveld



Tine K krus (Ølen Møbel) og Pukka te (50,- på Sunkost i Ølen)

Ein god kopp te hjelper godt mot "versjuko"



Tøffler frå obs ;)

Ønsker dåken alle ein fortsatt kosleg julikveld !
..og håpar sommarvarmen kjem snart !!

Birgit

mandag 25. juni 2012

Tigerstaden

Juhu !
Nå er det bare 3 dagar til me setter nasen mot Oslo
- gler oss MASSE !
Skal bli heilt fantastisk med 1, 5 veka ferie :)


I Oslo skal me bu hjå ei barndomsvenninna av meg. 
Gler oss til tid ilag med familien hennas !
På søndag reiser dei til Ølen,
men då er dei så greie at me får låna huset deiras resten av ferien
 - snille Dagrun <3


Me har nokre få planar
 - men er ellers åpne for forslag av "Oslovande" folk!
Innspel mottas med takk ;)

- Kva finn ein på med barn i Oslo ?
- Kor bør mammen gå på interiørshopping ?
- Kor går ein og bader ?
- Kafè ?
- Andre idèar ?
 

 Det me veit me skal er : teknisk museum, ut på "by-øyene", kino (det er stas for ungar fra Årdal), køyra t-banen (og stas for Årdalsbuar),VG lista topp 20 på fredag, til Løten på besøk til min storebror, møta ei barndomsvenninna som bur i Rælingen, interiørbutikkar  (ikkje sei d til maen) ;) ..og ellers bare kosa oss, slappa av og ikkje sjå på klokka om det snart er fjostid ! hihi


Ønsker dåken alle ei fin, fin ny veka !

Birgit



fredag 22. juni 2012

Endeleg...

..har gutane fått sommarferie. 

Gøy på landet !
(For dei som ser den slags,..Ja, det er eit gammalt bilde - grønare i bakkane nå;) ) 
 
Fytti, det er herleg når ferien starte !
Ingen morgenkamp med klåkko, 
ingen lekser å følga med på, 
ingen aktivitetar som skal rekkast
og nesten best av alt ; 
ingen fast leggetid !

Elskar laaange sommarkveldar ;
 ferdig i fjosen, kvelds på terrassen 
og ungane som hoppe på trampolinen 
eller spele fotball til langt på kveld. 
*LYKKE*
..så nå kan sommarvarmen bare komma !!! (lov å håpa) 

Og det raraste av alt,..når skulestart nærme seg gler eg meg MASSE te å "komma inn i normalen" igjen
 

GOD SOMMAR !

Birgit

torsdag 21. juni 2012

*SMELTE*

Noko av det finaste eg veit er blomar (og ugras) 
plukka av barnehender.
Smelte heilt eg,..
når gutane kjem inn med kvar sin 
nyplukka bukett i hendene <3

Desse fine kom dei inn med i går kveld :





Snille gutane mine <3

Fin fredag !

Birgit

søndag 10. juni 2012

Sløvesøndag !

For ein herleg søndag ! 
Blå himmel (pynta med nokre fine kvite skyer), ungane leikar i hagen,
 mann og kåna har løyst verdensproblem 
(gards- og familieproblematikk) med kaffikoppen i handa ;)
og INGENTING har vore på programmet for dagen !
- mellom fjosstello då,..men det prøve me å gløyma midt på dagen ;) 
Eigentleg ganske koseleg i fjosen når me går begge to på dagar som denna 
- uten at me må stressa og nå noko ! 
Ekstra kjekt er det når gutane og er med,
 bonderomantikk for heile fam`en :) 

Smaken av sommar,.. 

Den fine vasen kjøpte eg då me var på kundekveld hjå Thelma & Molli
Jordbær- og rabarbrasuppa - NAM !
Skikkelig sommarsmak <3


Har du hatt ein avslappande og fin søndag ?


Birgit

fredag 11. mai 2012

Haust kveld ?..

..det følest iallefall slik !
Ute ausar det ner og huset "svaiar i vinden",..

Så kva gjer ein då når eldstemann kjem heim, dryppande våt og iskald ?
Jo, då sender me guten i dusjen mens mammo og minsten lagar kakao
- god unnskyldning til å få litt SJOKOLADE innabords 
(denna damo har nemmleg vore så dum å ingått veddemål om snopestopp..
...heilt te jul ! HJELP!!! )

Tine K lysastakar og krus handla hjå Ølen Møbel


Så - med kakao, fyr i ovnen og levande lys fekk gutane og eg oss ein
 fin, fin haustfølelse denna stormfulle maikvelden ;) 

God helg !

Birgit



onsdag 4. april 2012

Drømmer om kaffimaskin...

..har drømt om det en stund, men det koster jo litt.
Men nå har kitchn kampanje på MASKINA eg vil ha !!!

Bilde lånt frå kitchn.no

 Jippi ! Eller...
Jo, det er jo bra,..
Men nei, fillen og : dårlig timing ! 
- det var jo (av alle ting) mjølkeanlegg me skulle kjøpa nå først...

Bilde lånt frå finn.no

 ARG !!!
Av og til er det ganske så vanskeleg å venna seg til prioriteringane
 me tar etter at me blei bønder..
...slik som NÅ :(

Men for all del, det blir jo FANTASTISK å 
"gå på jobb" når me har bytta anlegg :-)
...Så me får heller venta te neste kampanje
 - og moccamasteren duge jo den og ;)
(håpe maen lese detta,..og huske det til bursdag eller jul)

Ha ein fortryllande flott kveld i fina veret - nyt sola,..og kaffikoppen !

Birgit

søndag 1. april 2012

Ein flott dag i snøen

Me er så heldige at me bur kun 10 minutts køyretur frå Lyngsheia 
- "vinterlandet vårt" :)

Ved frukosten igår lova eg Benjamin at me skulle ta ein tur opp der,...
..om han blei med meg og tok litt av helgavasken først ;)
Og jammen kan han når han vil ! 

Så etter ein runde med støvsugar og klut pakka me i bilen og tok avgårde til vinterland <3

(Minsten - Ruben, er på leir og maen e bonde - så det blei
 Benjamin, vofsen og meg som tok turen.)


Nanok nyt utsikten ;)
 Var heilt fantastisk der oppe - for ein flott natur me har !!!


Ikkje lett detta her,..
 
...godt nok ;)



På veg ned igjen - flott utsikt øve Øvre Tysdalsvatnet og Valheim

 Hadde tenkt å laga eit innlegg med bilder av litt vårlige ting i huset idag, 
men måtte bare dela bilder frå den flotte dagen vår !

Men,.. eit av bildene må eg bare visa ;)
det avsløre nemlig at me skulle gjort litt meir husarbeid før me for..hihi.



Sjekk DET kjøkkenvinduet - på tide med ein vask kansje ??? ;)

Ja, ja,..me hadde iallefall ein fin tur opp i snøen
...og der va ingen skitne vinduer ;)
Og idag er det søndag,.. så det må nok venta litt til.

Fin søndag !
(P.S : I kveld kjem det ein liten giveaway her)
Birgit

mandag 26. mars 2012

Sol og våronn :)

Vår, blomster, fuglar, sol, vindstille og mykje aktivitet på tunet,..
Eg rett og slett elskar desse dagane !

Travle, men kanonkjekke dagar :)
Kårkallen, bonden og bondekåno held på med kvar sitt
(utanom visst nåke går sondt og kåno treng teknisk assistanse då,..;) )
- men likavell er me liksom ilag her me ser kvarandre i aksjon utpå bakkane
Og gutane,..dei er med når dei kjem frå skulen.

"God gammaldags bonderomantikk"


Drittjobben tar eg, si eg ikkje kan
 pløya lever eg i den tru at eg likar driten best ;) 
(Hovudgrunnen er eigentleg at eg får den kjekkaste traktoren då,..
så å pløya - det vil me ikkje læra)


Haha,..her er gliset bonden humpe i :)
Damene har jo (vell?) rangen ;)


Kan godt køyra litt drit i slik ein flott natur !!!
Blir kje "vand med det" heller eg
- nyt den flotte naturen her kvar ein dag ! :)


"Forbi det ein ser",..eller nåke sånn..
Tunet
Ha ein fin kveld i sola..i drittlukt eller ei ;)

Birgit

tirsdag 14. februar 2012

Morgenstund,..

..har gull i mund !

Elskar denne tida på dagen,..
Huset begynner å få varmen og roen har senka seg etter "morgenrushet" 



DÅ er det godt å ha ein liten time til frukost (med nåke varmt i koppen), avslapping og litt "dilling" i huset
(dilling i huset = rydda opp itte dei som har sprunge ut dørene,
 setta på klær, oppvaskemaskin o.l ;) )
Så, etter rolig start går turen bort til dei rosa (nøff, nøff)

Etter stellet idag må det pakkast litt, reiser til Voss 
(fødebyen min) i ettermiddag.
Me er 4 stk fra Fjellstyret her i kommunen som skal på
 Kurs for Fjellstyrer der til fredag.
...ein liten husmorferie ;)

  Fin dag ! 

Birgit




fredag 27. januar 2012

"Skal me våga å helsa ??? "


Skal, skal ikkje ? Ser ganske så usikkre ut begge to.. 

..men så vågar dei....bittelitt iallefall :)


Gjensidig skepsis/nysgjerrigheit ;)

Såg gjennom bildene på mobilen idag, måtte bare dela når eg kom 
øve desse bildene av Ruben og denna frøkeno.  

Ha ein fin dag !

Birgit

tirsdag 17. januar 2012

Så gøy !

Foreldremanualen.no har tatt med Vimpel-bursdagskortet vårt på lista 
"5 ting vi liker akkurat nå"




Har ein liten tass, (eller dei e kansje ikkje så små lenger når dei er 7,5 år ;) ) som kjem til å glisa rundt når han får sjå det i måro :)
Lista finn du  her
Kjekt for litle meg !!! :)

GOD NATT !

Birgit

fredag 13. januar 2012

Primula i vintermørket...

Når nyåret er kommet, og jula er rydda vekk er det så gøy å begynna
 å "dra inn" vårfargar
- jammen har fargar innvikning på humøret !!

Primula er ein søt liten fargerik blomst som "smiler til ein" der den står og lyser opp vintertida :)


Kjekt å få ha litt rosa i hus - det høyrer til skjeldenheita her eg bur ilag med mann og to gutar ;)



Nå skal eg, etter inspirasjon fra fleire bloggar her på morgonkvisten, ner på butikken og spandera på meg nokre tulipaner.

Fin fredag !
(måtte bare ha inn litt blått - si eg eigentleg ikkje er så "rosa" sjølv heller ;) )

Birgit

tirsdag 10. januar 2012

DIY/SDS : Eit slags bursdagskort

Endelig har me fått nett her i huset,..så nå kan det bloggast litt igjen
- og ikkje minst sjå innom MANGEN bloggar :)'

Her ein dag skulle minien vår i 8 årsdag, og nok ein gong mangla me bursdagskort..
Men, heldigvis hadde eg ikkje kasta nokre rester fra ark eg hadde brukt då me laga vimplar på barnaklubben. Dette var egentlig bare boss/avkapp, men då lagar me jo bare mindre trekantar :)



Det ein treng er :
- dymo maskin
- farga ark
- hyssing
- tape
- konvolutt
- 1 stk. ivrig unge ;)



Ikkje lett å la han fiksa alt sjølv, men eg klarte å la vær og blanda meg (denna gong)
Og godt var det, for det blei jo ganske gøy med ord på skeivo og då ;)


Ruben storkosa seg ! :)


Til slutt festa han pengene på baksida før han putta "kortet" i konvolutten og gliste fornøyd !

Ha ein fin, fin kveld !

Birgit 

torsdag 8. desember 2011

Fantastisk arbeidsplass !

Eg vil tru at på dei fleste jobbar (sjølv om ein trivest) 
har ein periodar der ein kan "gå litt lei"
-heldigvis er desse periodane som regel kortvarige, 
og det er ting ved jobben som "løfter ein opp jen"

Legg ut nokre bilder av noko av det som absolutt får meg 
"oppå jen" i leie periodar :)
(bildene er tatt på vegen mellom fjosen og grishuset)





<3

Ha ein fortsatt fin dag !

Birgit