fredag 15. august 2014

For ein herleg dag

..og eg som grudde meg til gutane skulle begynna på skulen igjen ;)

Men eg må nok bare innrømma at det var (i år og)
herleg å vær aleina på dagane igjen.
Nyta roen, ha god tid ute hjå dyra og rett og slett bare væra meg
(mannen er på jobb idag)

Deler nokre bilder frå dagen min:
 Starta dagen hjå desse her, fekk gutane avgårde på skulen 
før eg var ein liten tur innom "dei rosa"
Frukost pleier eg å ha etter fjosen, 
og idag var det så fint ver at eg 
tok den med meg opp til vatnet bak oss.
 Herleg laang frukost
- heilt til desse skyene kom..
 Ein liten tur oppom til kvigene
som går på beite

Nå skal eg pakka, gi silo og venta på 
mann og barn før det bærer avgårde til hytto :)
*lykke*

God helg!

Birgit


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar