fredag 26. april 2013

Vårblomar

Endeleg begynner vårblomane å kikka fram!
 Sjølv burde eg kansje ikkje vore så glad for det, 
for grøne fingrar er absolutt noko eg er i manko av!
 Men eg har jo auge som funke, 
så eg ser jo at det er fint med dei blomane.. ;)
 For eit par veker sidan fekk me vekk litt buskar og kratt i hagen her,
..klypte eføy til den store gullmedalje! 
Fytti koss dei veks - inn i alle krinkelkrokar !!! 
Men nå er dei altså vekke :)
Denne frua bør ha minst mulig krimskrams i hagen!

 Ønsker dykk alle ei 
GOD HELG
..med eller utan hagearbeid :)

Birgit

mandag 15. april 2013

Treningssenter inn i ståva ?

Ja, du leste rett ;)

På torsdag var eg i forening her i bygda, 
der snakka dei om eit treningssenter på nett:
-genialt for oss som bur eit stykke ifrå eit senter !
 Så dette måtte eg jo sjekka ut :)
Og det virka veldig greit!
Ingen innmeldingsavgift, 
ingen bindingstid 
og kun 50,- i mnd for medlemsskap
(dette trekkes så lenge du har profil hjå dei).
 Lørdag meldte eg meg inn, søndag hadde eg stive musklar ;)

Bur du eit stykke frå treningssenter, 
eller har du ein kvardag der du treng å kunna
trena akkurat når det passar for deg ? 
Sjekk ut dette ! 

 Lykke til !
Her kryssar eg fingrane for at sjølvdisiplinen ikkje skal svikta...

Birgit

lørdag 6. april 2013

Vinnaren !

Tirsdag skreiv eg at eg skulle trekka vinnaren
av giveawayen iløpet av dagen.
Men nå vart ikkje den dagen akkurat som planlagt...
Ganske langt ifrå slik som planlagt faktisk!
Utpå ettermiddagen stod nemleg redskapshuset vårt i full fyr

Med tanke på kor nærme fjosen dette stod
var det ganske så skummelt i byrjinga,
men då brannmennene var på plass og me såg
at dei fekk kontroll gjekk det heile veldig fint.

Trasig å mista redskapshuset på denne måten, og brann er skummelt!
Men alt som var i dette huset kan erstattast
- bare ting som gjekk med i brannen :)

Vell, tilbake til vinnaren av giveawayen :

Det vart trekt heile 277 lodd og gutane fekk i oppgåva å velga vinnartalet
Etter vekas hendelse vart talet (ikkje øveraskande) 110 ;)

Og den heldige vinnaren vart Tina T GRATULERA !

Fint om du vil senda meg mailadressa di på
birgitvalheim@hotmail.com ,
så sender eg den vidare til butikken.

God helg !

Birgit

tirsdag 2. april 2013

Siste sjanse !

Ikveld trekkes vinnaren av giveawayen 
eg har i samarbeid med butikken ALL VERDAS 
Så, om du ikkje har rukke å hiva deg med har du enda sjansen :)
  
Lykke til !

Birgit