Viser innlegg med etiketten jul. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten jul. Vis alle innlegg

lørdag 5. januar 2013

Advent på Valheim gard

Ja, eg veit..seint å komma med innlegg om det nå!
Men si desember var ein heller slakke "bloggemånad" kjem det eit aldri så lite biledras
 av førjulstida her hjå oss nå :
Årets adventsstake (fjorårets nå då..)
Også i år starta eg kjempetidleg med presangane, og blei ferdig kjempeseint...

Kalender for små..
..og store
Eldstemann blei 11år <3

..og hadde selskap ute i snøen :)
Litt matlaging høyrer jo adventstida til :
Fekk opplæring i kråtakakebaking hjå mannens farmor - gøy!

Minsten laga marsipansnop

Eldstemann fiksa havrekuler

Mannens favoritt

Viktigast !!!
 Også på barnaklubben blei det gjort litt "julating":


                                                                Så laga me litt heima og...

Litt sjuka:
Minsten fekk spyo, men blei heldigvis med han
Fekk nye griser :
Søte når dei kjem...verre når dei fer herifrå...
I huset til denna frøkno var nok desember som andre månader :
SNØ :

Meg = rotete lister..mange lister, på altslags papir, øve alt i huset

Kø - meg = ARG !!! (..passe ikkje i by`n)
Og tid te å slenge rompa nerpå sofaen blei det og, desember er jo kos då !!

Søskenkjærleik <3
Det var litt av førjulstida hjå oss !

God helg !

Birgit

tirsdag 18. desember 2012

Tida eller stria ?

Kvart år går eg inn i november med godt mot og store planar !

Pakkane (som eg ofte begynner på i januar) skal væra ferdige før desember.
All mat som kan frysast skal lagast før desmber.
Kjøkkenet skal vaskast før desember.
Julakorto skal bestillast før desember.
Heile familien sine julaklær skal væra klare før desember.
Den store julavasken skal takast før desember.

I desember skal eg (etter planen):

Kosa meg med innpakking av presangane.
Laga og pynta julakaker saman med gutane
- på eit skinnande reint kjøkken !
Senda julakorto i begynnelsen av mnd.
Nyta synet av strøkne skjorter som heng ferdige i skapet.
Pynta og dilla i reint juladuftande hus
Og viktigaste av alt, ha tid til ettertanke
- kvart år har eg store planar om at eg skal væra flinkare 
og ta tid til det jula eigentleg handlar om :
Jesusbarnet !


Men ein slik desember har eg endo til gode
..kansje neste år ;)

For pakkane (som eg begynte på i januar) blei handla ferdig igår.
Noko mat kom i frysen i begynnelsen av desember, 
medan feks "jojo`ane" står på tapeten idag.
Halve kjøkkenet blei vaska sist helg, resten ......
Julakorto bør sendast idag...
Når ungane kjem heim idag (eller ein annan dag) 
får me sjekka om finklærne i skapet passar enda,
 maen har jo dress og skjorta er det jo blitt tradisjon å stryka litla afto,..
 og eg - uff, finstasen er ikkje mi greia...men det heng vell noko i skapet mitt og ;)
Og til helga slepp me å kjeda oss, for huset treng ein real vask !

Og Jesusbarnet -  han må venta til afto kjem !

Uff, det er faktisk slik desember har vore..igjen..
Men heldigvis er det enda nokre dagar igjen til dagen,
- måtte me bare huska å bruka tida til det me vil og bør !

TID, 
KOS,
FRED, 
 ETTERTANKE, 
JULAEVANGELIET

Måtte skuldre senkast og tida nytast !




søndag 25. desember 2011

GOD JUL !

Då var juledagen her, ei vellukka julafta er øve og freden har senka seg.
Nå skal me bare slappa av, eta masse mat (igjen) og ikkje minst HA TID ILAG !
Elsker desse juledagane der einaste som er på "programmet" er å væra saman <3

Bilde hang igjen i huset då svigers flytta :)
Som de veit bur me nok ein gong i eit oppussingsprosjekt, vel og merka bare maling som skjer her nå 
-men, jammen tar det tid det og.
Eg hadde håpa at me skulle vær ferdige i "finstova" til afta kom, men det rakk me altså ikkje. Gjennstår litt maling endo. Så då fekk me heller ha julemiddagen på kjøkkenet...eller ??
Skal/skal ikkje..2,5 time før julemiddagen skulle inntas bestemte me oss 
for at : Jo, me flyttar spisebordet ner frå Karen-huset og inn i 
den delen av stova som er ferdig malt :)
Og det gjekk akkurat,..me bar ilag 
- mannen tok resten av maten og eg fekk inn litt "stasj"..
Klarte faktisk å få eit heilt kvarter til gutane og meg på badet før maten var ferdig ;)

Her er bilde av stova då me bestemte oss :


Og kl.17.45 var det klart til middag :



Godt det bare var oss 4 som skulle væra her på afta, ellers hadde eg nok ikkje prøvd på dette
- men, det gjekk jo bra ! 
Også er det jammen godt når slike ting er gjort :)
(skulle bare ønskt nokon hadde malt bordet mens det stod i det andra huset)

Nå skal me ikkje mala, heller ikkje flytta på ting på MANGEN dagar - først skal heilagdagane nytast, så bærer det heim til Ølen på tirsdag  ! *Glede*
(har fått gåvekort på Ølen møbel - JIPPI ! )

Ønsker dåken alle ei fortsatt fin julehøgtid <3

Birgit

tirsdag 6. desember 2011

Jul i vårt hus ?

Nei, det er ikkje heilt jul i huset her enda,.. 
men noko har eg jo klart å "snika" inn ;)
Jula her hos oss er alltid RØD
men eg plar venta til me er litt nærmare jul med det.
Men, når 1.desember og advent kjem er det jo alltid koselig å finna fram litt :)

Litt pynt på plass i ståva :

Zinkhus frå Kremmerhuset

Trestjerner fra Home & Cottage

Hjerte frå Byggmiks Ølen

...og litt på kjøkkenet :
Hjerte frå Byggmiks Ølen, reinsdyrpynten frå Kremmerhuset
Svibel frå Rema 1000, fat frå Ikea
 Så litt jul er det jo i vårt hus ;)
(og me gler oss MASSE til å finna fram resten av pynten...neste helg !)

Birgit

fredag 2. desember 2011

Fornying eller tradisjon ?

Etter haustens MANGE flotte juleinspirasjonar her inne hadde eg hovudet stappa av nye idear for både pakkekalender og adventsstake,... 
Men, då det nærma seg 1.desember og gutane begynte å engasjera seg fant eg jo fort ut at det verken var pakkar hengande på rekved-plank eller 4 kubbelys på eit rustikt fat gutane såg føre seg - og gleda seg til...

Det var nok andre ting dei hadde i tankane ja...
Nemleg pakkekalenderen med nissen på - som oldemora sydde til eldstemann første jula hans, og Perfect Home adventstaken me har hatt i mangen år...

Og når dei er så tydelege på gleden øve desse tradisjonane hadde eg jo ikkje samvittighet til å "trumfa" gjennom mine NYE planar...




Og nå når det er på plass - ja, då må nok ho mamma og innrømma at dei har sin sjarm desse tradisjonane  

<3

Ha ein god dag !

Birgit