torsdag 8. august 2013

Litt for seint ute...

For ein gongs skyld hadde eg tenkt å delta på Nib sin utfordring, 
var faktisk godt i gong og...
Nib-utfordring "Stuepike?"
Men med detta "drita nettet" me har nytta det ikkje å vær ute i siste liten !
Tar jo bare sååå lang tid å lasta opp desse bileta !! ARG !!!

Sånn, då hadde eg fått ut det...

Når eg endeleg er inne på tanken igjen, må eg jo laga te eit lite innlegg  ;)
Har ikkje akkuratt tatt av denna bloggingo i sommar nei...

Men fin sommar, det har me hatt :)
Ikkje så mykje feri endo, men eit par langhelger har det blitt.

Ei helg på mamma og pappa si hytta :
Beste plassen!!
 Eit par netter i Sarons dal, telttur :)
Love it!
 To kjekke dagar i Dyreparken har me og hatt :)

Som de forstår har me vore mykje heima denne sommaren, 
men når me bur på ein plass der me trivest så godt som me gjer går jo det heilt fint ;)
Badetur ved vatnet rett bak oss <3
Kveldstur i Ryfylkebassenget <3
Flottaste arbeidsplassen <3
Som de ser har me det fint når me er heima og, men feri treng me alle!
Og når ein er bønder må ein reisa vekk for å ha fri  !!! ;)
(ps.klagar ikkje-me har valgt det sjølv ;) )

Så, etter kveldstellet i måro har me 9 dagar fri/feri
- JUHUU !!!
Gler meg som ein unge, for me har nemleg bestilt oss tur til Alanya
Turen vart bestilt på mandag
- godt me har snill avløysar, svigerfar og rektor!
(ungane får to dagar lenger sommarferi..)

"Alltid tidleg ute" 
...eller, koss va nå det der ???

Jaja, tur blir det jo :)
 #GLEDE#

..ang Nib-utfordringen..så får eg prøva å vær tidlegare ute neste gong ;)

God natt !

Birgit




2 kommentarer:

  1. Vi har også vært mye hjemme i sommer ;) Alanya hørres jo heeeeerlig ut!! Kos dere ;o)
    Stor klem Elisabeth ;o)))

    SvarSlett
  2. Her har det også vært hjemmeferie i år. 1 uke på Sørlandet og 3 hjemme. Godt å få gjort ting og tang i hagen, som har stått på vent de siste 2 årene;-)
    Ønsker dere en fantastisk tur til varmere strøk, blir sikkert kanonherlig!!

    Klemmer

    SvarSlett