tirsdag 2. juni 2015

Grønne fingrar ?

Ja, den som hadde hatt det..
dette er nok noko eg manglar! 
Burde kansje hatt det sidan eg har gått på jordbruksskule,
men eg kan vell trygt sei at faget "hagebruk" ikkje var min favoritt ;)

Her i huset dauar dei raskt mangen av plantene eg prøver meg på, 
eigentleg er det bare grønne, enkle planter som står lenge her. 
Men dei er jo fine dei og då ;)

For nokre veker sidan fekk eg desse tre urteplantene av mamma, 
og dei er faktisk grønne enda! *stolt 
..ikkje så grønne som dei var på bilde her då, men...

 Her er eks på planter som trivest her hjå meg :
Genialt at det finnest planter som tåler LITE stell ;)

Så får eg heller prøva litt forskjellige planter både ute 
og inne dersom interressa for dette plutseleg dukkar opp ;)
- hadde jo vore bra det, for ingenting er så fint som ein flott blomsterrik hage! 
..det klare eg å sjå...
 
Ha ein fortsatt fin kveld :)
 
Birgit