søndag 13. november 2011

Farsdag !

Har vore stille her inne nokre dagar nå,..
Mannen er med min pappa til Ukraina med hjelpesending, 
så med gard, ungar og hus blir det lite tid til blogging.
Har gått heilt fint, og svigerfar er "bakvakt" om eg treng hjelp til noko på garden.
Men, jammen er eg glad for at me er to til vanleg ! <3

Savner jo desse to som er på reis litt ekstra idag når det er farsdag. Men nå skal gutane og eg ner til svigers på middag. Så ein "Beste" får dei iallefall gi ei lita gåve til, koselig det der med gåver og born 
- godt dei har glede av å gi !!! :)

Så nå har mini`en og eg pakka inn gåva og me er snart klar for middag.



Og her eit lite dikt til min kjære pappa som er i Ukraina for 17. gong 
- taler for korleis han er. 
Det er selvfølgelig til min kjære mann frå gutane og ;)

Da fedre ble til
var tanken ganske klar.
For fedre har noe i seg
som ingen andre har.

De øser av sin omsorg
og deler alt de vet.
De viser deg at livet
er håp og kjærlighet.

Derfor har vi fedre
og dersom du spør meg :
Den beste far i verden
det er nettopp DEG!

Seinare i dag kjem mamma for å væra hos oss nokre dagar :)

Ønsker dykk alle ein fin, fin søndag !

Birgit

onsdag 9. november 2011

Damenes aften i kveld !

Gleder meg til i kveld, då skal ei venninna og eg på Damenes aften på Bryne ! 
Barnevakta er i boks (heilt frå skuleslutt) og avløysaren er bestilt.
(Mannen reiste til Ukraina med hjelpesending ilag med min pappa i går kveld 
så då må det litt organisering til før ein kan ta ut)

-Så nå er det bare å springa bort og stella grisene,
for så og komma seg til by`n !
Må jo nytta dagen når ein først skal øve på den sida av fjorden ;)


Fleire som skal til Bohus Jæren ikveld ?

Ha ein fin dag !

Birgit

Ullsokkane dine ? ...

...neei, "de har jeg ikke sett" !

Håpar ikkje mannen treng ullsokkane sine med det førsta, dei funke nemlig ikkje så godt lenger ;)


Enkel måte å lage lykter på - såg dette tipset på God morgen Norge her ein dag.

Treng syltetøyglas og ullsokk (lurt å sy litt der ein klypper så dei ikkje raknar).


Klypp av sokken i den lengden du vil ha, sy litt i enden, tre den på glaset og vips du har ei ny lykt :)
...og mannen - ja, treng han ullsokkar har han jo framleis ein av kvar. Hihi ;)


Nei, nå får eg ta ein tur bort i grishuset
-sytsomt å gå ut igjen etter at gutane er gått på skulen, men dei treng jo stell dei rosa og ;)

Ha ein god dag !

Birgit

tirsdag 8. november 2011

Må bare...

...reklamere litt for nettbutikken til Kremmerhuset !!!

Kremmerhuset har som kjent åpna nettbutikk *LIKER*
Då dei åpna måtte eg jo innom og kikka, og bittelitt handling blei det jo
-hadde nettopp vore i Stavanger, så det med bittelitt stemmer ;)



Fekk med skjerf fordi eg var blandt dei 1000 første som bestilte :)
 To dagar etter at eg hadde bestilt ringte ei kjempe koselige dama fra butikken og sa at dei dessverre hadde gjort ein liten feil, dei hadde lagt ut feil bilde på den litle "strikkevasen" eg hadde kjøpt.
Dei hadde lagt ut bilde av den store med flettemønster, 
der det skulle være den litle med litt mindre synlig mønster
-og pakken min var sendt.

Ho beklaga, og sa at dersom eg ville ha den som var på bilde
skulle ho sende den
-uten ekstra kostnad !!! 
Snakk om service :) :)

Idag kom den i posten, så nå er eg den heldige eigar av to "strikkevasar" 
(til prisen av 1)


Og ein ting er sikkert : 
Eg kjem nok til å handle der igjen !

Birgit



Nyt utsikten !

Med denne utsikten ut kjøkkenvinduet kan det nok bli meir enn ein kaffikopp 
etter at fjosen er tatt og gutane er sendt avgårde til skulen ;)
Terapi for sjela !


p.s : det bur nokre andre folk rundt her og sjølv om det ikkje viser her ;)

Bildet øve tok eg i går føremiddag - ein NYDELIGE dag...
..og det blir kansje dagen idag og dersom skodda letta ?


Ha ein fin dag i skodda :)

Birgit

mandag 7. november 2011

Dyremotiv

Då var det kommen eit reinsdyr inn til oss og ;)
Etter MASSE flott innspirasjon her inne måtte eg bare få 
tak i ei pute med dyremotiv eg og,..
lar meg visst påvirka ja ;)

Men, kva gjer vell det når ein finn den ein vil ha på Ellos til 99,- ?
FLOTTINGS :)


Fine Rudolfen ;)

Ha ein fin mandag, og ei flott ny veka !

Birgit

fredag 4. november 2011

Pakke i posten,..

..og ein liten smugkikk på det me har gjort/held på med i hovudhuset :)

Tidlegare i veka var eg så heldig å vinna ei Wik og Walsøe skål på give awayen til Synneves verden , JIPPI ! Og idag dumpa den ned i postkassa :)




Kjempe fin skål -tusen takk !

Legg ved nokre bilder av noko av det me har gjort nere i hovudhuset.
Som sagt sov me der i natt - sjølv om me er langt fra ferdig er det FANATASTISK å endelig væra der me skal væra LENGE !!! <3
 
 

 
 
Kjøkkenet er nesten ferdig,.held på å mala dører og skuffer eggekvite.Skulle kjøpa kvit benkaplata på Ikea, men dei hadde slutta å selga den som passa :(  (Også må eg ein tur til by`n på "lampeshopping", fram til då bruker me det som er der nere.)
Stova manglar litt møbler, men tv`n og sofaen er på plass - så då klarar me oss godt ! :)

Ønsker dåken alle ein fin fredags kveld :)

Birgit

onsdag 2. november 2011

Svelg kamelar...

...ganske ofte for tida eg visst ;)
For det første (og som nemd før) har eg alltid sagt at eg IKKJE går med på å flytta inn i hovudhuset her på garden FØR me har renovert det,..
Men, etter å ha vært bonde eit halvt år var det gjort,..
tankegangen min er øydelagt :

Eg er enig i at me må prioritera DRIFTSBYGNING FØR HUSET ?!?
- (Ka skjer liksom ???!!??!!)

Ja, ja,..slik blei det nå - EG (av alle) føreslo at : "Me bare maler ALT og flytter inn, går fint i nåken år det" (?)

MEN, eg va bestemt på at me sko mala ferdig FØR me flytte inn !
Gjett kim så ska sova i huset i morgon - med kun ferdig malt soverom, ståva 
og 1 guttarom og halvferdig kjøkken ?? ;)

Det versta er jo at det er eg som absolutt vil inn - *vinglehåve*
NÅ har eg altså komt te det at me får jo malt meir når me bur i huset...
kan jo mala fra me står opp te me legg oss då ;)

Så nok ein gong skal me bu i oppussing
- "heimslikt" for oss det. (?)

Her er bilder av litt av dt som er gjort til nå :

Eggekvit og Jotuns Marrakesh

Øverste bilde er av stova etter litt maling, og nederste bilde er soverommet vårt.

Grå Jotun S-5000-N

Og her er romma før me malte :


Kjem ikkje fram kor mykje krem/gult rommet var her.
Ser me har malt først dei romma som var lysast, men det er jo dei me treng ferdige før me flytta inn..

Her er bilder av dei neste malingsprosjekta :

Gangen i 1.etg

"litla-badet"

Vaskerommet

Gangen oppe

Soverom som skal bli loftstova/kontor

Tidligare kontor, som skal bli "lego-rom"

Mannen sitt barnarom

Soverom

"Finstove" i 1.etg
Blir godt å komme inn her som me skal væra, så sjølv om det ikkje er ferdig malt GLEDER me oss til i morgen (eller måro som eg ville sagt)

Birgit