fredag 29. mai 2015

Helgekos

Då var det helg igjen og tid for ny oppskrift på enkel helgekos.
Ser at det nyttar ikkje for meg å skriva at det skal komma kvar fredag
 (glapp visst allereie forrige fredag..)
Men eg skal iallefall hive innpå ei oppskrift nokon fredagar innimellom ;)

Denne gongen tenkte eg å dela oppskrift på noko kjempegodt 
me fekk servert på besøk hjå eit anna par her i Årdal.
Måtte bare spør om oppskrifta etter at me hadde smakt den.
Og folk som har smakt den her har og fått med seg oppskrift, 
så denne er verdt å prøva!

Sweet-chili gryte :
Du treng :
3-400 g strimla svinekjøtt
1 pk stjernebacon
1 liten el. 1/2 purre
1 fedd kvitløk
1,5 dl matfløyte
1,5 dl sweet-chilisaus
cashewnøtter

- surr purre og kvitløk, legg av
- steik svinekjøttet og bacon
- bland dette
Tøm øve matfløyte og sweet-chilisaus
(eg pleier å bruke meir av dette for å få meir saus)
Server med ris og cashewnøtter

Enjoy!

God helg!

Birgit

onsdag 20. mai 2015

Snart kuslepp

Største tegnet på at sommaren nærmar seg er kuslepp, høydepunktet gjennom året. :)
Har sin eigen sjarm med dyra ute på beite må eg sei 
- det er faktisk ganske så flott å sjå på dei.

Dei pleier å væra ute til 20. mai, men dette året heng me litt etter 
- er ein del å henga fingrane i med den nye fjosen for tida. 
 Men nå må det bare prioriterast å få dei ut, 
både for dyra, og beite sin del.

Deler nokre bileter frå i fjor : 


Ha ein fortsatt fin dag!

Birgit

fredag 15. mai 2015

Enkel helgekos

Her i huset brukar me å ha middag på kvelden fredag og lørdag, 
ein koselig tradisjon som både ungane og me vaksne set pris på.
Får litt ekstra tid ilag, og det er ein fin måte å starte helga på.
Nå er det ikkje ofte eldstemann er her fredagskveldane lenger, 
men nokre lørdagaskveldar har me lag av han og.

Vil framover legge ut (på fredagar) oppskrifter
på det me likar å ha til kveldsmat i helgene.
(Når me treng avveksling frå taco og pizza)

Pita med strandaskinke:
Du treng : 

Pitabrød
Strandaskinke
Crème Fraîche
Kvitløk 
Vårløk
Mozzarella
 Ruccola

Slik gjer du : 

Crème Fraìche, kvitløk og vårløk blandes og smøres oppå pitabrøda.
Legg strandaskinke oppå, 2 på kvar.
Dryss over mozzarella.
Steik til osten er smelta.
Legg ruccola oppå før servering.
Enjoy!

God helg!

Birgit




onsdag 13. mai 2015

Nytt "familiemedlem" ..eller husdyr om du vil.

Nytt, og nytt..kan kansje ikkje kalla hu ny lenger med
 tanke på at me har hatt hu i eit halvt år.
Eit enormt travelt halvår,
 med bygging av fjos, noko som heldigvis nærmar seg ferdig.
Skal vise bilder av det ein anna dag :)

Me har altså fått oss ny hund, 
og denne gong fekk ikkje mammen velga sjølv.
Gutane hadde plutseleg meiningar på området..arg! ;)
Slik er det.. eldstemann hadde veldig lyst på ein Cavalier,
 men grunna allergi i heimen 
måtte me inn på lista over "små-allergivenlege" hundar. 
Då enda me altså på denne her :
 Dvergschnauzer i fargen sort/silver
 Shira heiter hu, ei livlig, betsemt lita gladjenta som lagar liv i heimen.
 Begynner å roa seg litt nå, 
men det er utruleg kor godt lag det er i desse firbeinte.
 Elskar å væra ute!
 Og blir bittelitt utskjemd ;) 
(fordelen med å vær liten, nesten veskehund..)

Rart å gå fra rottweiler til denne litle rasen her, men veldig kjekt å ha hund igjen!
Og stor hund får eg få meg igjen når gutane er ute av redet ;)

Ha ein fortsatt fin kveld!

Birgit