tirsdag 18. desember 2012

Tida eller stria ?

Kvart år går eg inn i november med godt mot og store planar !

Pakkane (som eg ofte begynner på i januar) skal væra ferdige før desember.
All mat som kan frysast skal lagast før desmber.
Kjøkkenet skal vaskast før desember.
Julakorto skal bestillast før desember.
Heile familien sine julaklær skal væra klare før desember.
Den store julavasken skal takast før desember.

I desember skal eg (etter planen):

Kosa meg med innpakking av presangane.
Laga og pynta julakaker saman med gutane
- på eit skinnande reint kjøkken !
Senda julakorto i begynnelsen av mnd.
Nyta synet av strøkne skjorter som heng ferdige i skapet.
Pynta og dilla i reint juladuftande hus
Og viktigaste av alt, ha tid til ettertanke
- kvart år har eg store planar om at eg skal væra flinkare 
og ta tid til det jula eigentleg handlar om :
Jesusbarnet !


Men ein slik desember har eg endo til gode
..kansje neste år ;)

For pakkane (som eg begynte på i januar) blei handla ferdig igår.
Noko mat kom i frysen i begynnelsen av desember, 
medan feks "jojo`ane" står på tapeten idag.
Halve kjøkkenet blei vaska sist helg, resten ......
Julakorto bør sendast idag...
Når ungane kjem heim idag (eller ein annan dag) 
får me sjekka om finklærne i skapet passar enda,
 maen har jo dress og skjorta er det jo blitt tradisjon å stryka litla afto,..
 og eg - uff, finstasen er ikkje mi greia...men det heng vell noko i skapet mitt og ;)
Og til helga slepp me å kjeda oss, for huset treng ein real vask !

Og Jesusbarnet -  han må venta til afto kjem !

Uff, det er faktisk slik desember har vore..igjen..
Men heldigvis er det enda nokre dagar igjen til dagen,
- måtte me bare huska å bruka tida til det me vil og bør !

TID, 
KOS,
FRED, 
 ETTERTANKE, 
JULAEVANGELIET

Måtte skuldre senkast og tida nytast !




søndag 16. desember 2012

Farlig god, og enkel...

..det kan me lika !!


For nokre veker sidan la eg ut bilete av ein dessert på Instagram (birgitav), 
lovde då nokre av følgerane mine der at det skulle komma oppskrift på bloggen.
Ei stund sidan, men her kjem den iallefall :

 Oreodessert :

3 pk knust Oreo kjeks
2 fløyte
1pk Philadelphia ost (300g)
400 g melis
Litt vaniljesukker
2 pk bær på toppen (valgfi bær, eg brukte av det eg hadde i frysen)

Knus oreokjeksen og legg i botn av forma (stor form eller ei skål)
Pisk fløyten
Ha i Philadelphia ost, melis og vaniljesukker
Bre kremen øve kjeksen
Til slutt : Bær på toppen

 ENJOY !

Ha ein fin søndag !
Birgit

lørdag 15. desember 2012

Ein heil månad..

...si sist innlegg.
Ikkje bra !!! 
(Men då veit eg jo kva nyttårsforsettet mitt kan/bør væra)

Eigentleg har det vore ganske labert her inne heile hausten, 
ikkje mangen innlegga sidan sommaren nei.
Dette skyldes ikkje at eg ikkje har villa, men helsa har svikta litt 
(ikkje noko alvorleg, bare litt reaumatisme ute og går) 
- og når ein ikkje rekk øve alt ein vil/bør i kvardagen, 
då er det andre ting enn blogging som prioriteres (sjølvsagt!)

Heldigvis har eg likevel fått med meg nokre blogg/interiørarrangement, som :

Lansering av Ikeakatalogen:

Bloggtreff hjå Kull :

Åpningsaften på Enkelbutikken, Hjelmeland :

Fabelaktig førjulskos på Landstil :

Og ikkje minst,
Interiør- og boligmessa i Bergen :

Noko av detta har eg vist i tidlegare innlegg, 
 medan andre ting har blitt med tanken...
kjem kansje litt om dei etter kvart (bedre seint enn aldri..)

Ønsker dåken alle ei fortsatt fin helg
(i vinden)

Birgit