mandag 25. juni 2012

Tigerstaden

Juhu !
Nå er det bare 3 dagar til me setter nasen mot Oslo
- gler oss MASSE !
Skal bli heilt fantastisk med 1, 5 veka ferie :)


I Oslo skal me bu hjå ei barndomsvenninna av meg. 
Gler oss til tid ilag med familien hennas !
På søndag reiser dei til Ølen,
men då er dei så greie at me får låna huset deiras resten av ferien
 - snille Dagrun <3


Me har nokre få planar
 - men er ellers åpne for forslag av "Oslovande" folk!
Innspel mottas med takk ;)

- Kva finn ein på med barn i Oslo ?
- Kor bør mammen gå på interiørshopping ?
- Kor går ein og bader ?
- Kafè ?
- Andre idèar ?
 

 Det me veit me skal er : teknisk museum, ut på "by-øyene", kino (det er stas for ungar fra Årdal), køyra t-banen (og stas for Årdalsbuar),VG lista topp 20 på fredag, til Løten på besøk til min storebror, møta ei barndomsvenninna som bur i Rælingen, interiørbutikkar  (ikkje sei d til maen) ;) ..og ellers bare kosa oss, slappa av og ikkje sjå på klokka om det snart er fjostid ! hihi


Ønsker dåken alle ei fin, fin ny veka !

Birgit



fredag 22. juni 2012

Endeleg...

..har gutane fått sommarferie. 

Gøy på landet !
(For dei som ser den slags,..Ja, det er eit gammalt bilde - grønare i bakkane nå;) ) 
 
Fytti, det er herleg når ferien starte !
Ingen morgenkamp med klåkko, 
ingen lekser å følga med på, 
ingen aktivitetar som skal rekkast
og nesten best av alt ; 
ingen fast leggetid !

Elskar laaange sommarkveldar ;
 ferdig i fjosen, kvelds på terrassen 
og ungane som hoppe på trampolinen 
eller spele fotball til langt på kveld. 
*LYKKE*
..så nå kan sommarvarmen bare komma !!! (lov å håpa) 

Og det raraste av alt,..når skulestart nærme seg gler eg meg MASSE te å "komma inn i normalen" igjen
 

GOD SOMMAR !

Birgit

torsdag 21. juni 2012

*SMELTE*

Noko av det finaste eg veit er blomar (og ugras) 
plukka av barnehender.
Smelte heilt eg,..
når gutane kjem inn med kvar sin 
nyplukka bukett i hendene <3

Desse fine kom dei inn med i går kveld :





Snille gutane mine <3

Fin fredag !

Birgit

søndag 10. juni 2012

Litt reklame...

her inne idag ;)
Søstrene Grene viser bilde av nokre av varene sine på facebooksida si.
Her om dagen blei desse søte lagt ut :

Bilde lånt frå Søstrene Grene`s facebookside

Billige er dei og..fra 5 - 18 kroner stk !

Og til minstens sommarbursdag trur eg at eg må sjå på desse :

Bilde lånt frå Søstrene Grene`s facebookside

Pris på dei er fra 12,5 - 18,5 kroner stk

Kjekk butikk ! 

Kva handla du sist du var hjå Søstrene Grene ?

Fin ny veka :)

Birgit

Sløvesøndag !

For ein herleg søndag ! 
Blå himmel (pynta med nokre fine kvite skyer), ungane leikar i hagen,
 mann og kåna har løyst verdensproblem 
(gards- og familieproblematikk) med kaffikoppen i handa ;)
og INGENTING har vore på programmet for dagen !
- mellom fjosstello då,..men det prøve me å gløyma midt på dagen ;) 
Eigentleg ganske koseleg i fjosen når me går begge to på dagar som denna 
- uten at me må stressa og nå noko ! 
Ekstra kjekt er det når gutane og er med,
 bonderomantikk for heile fam`en :) 

Smaken av sommar,.. 

Den fine vasen kjøpte eg då me var på kundekveld hjå Thelma & Molli
Jordbær- og rabarbrasuppa - NAM !
Skikkelig sommarsmak <3


Har du hatt ein avslappande og fin søndag ?


Birgit

lørdag 9. juni 2012

Utfordring !


Vis meg ditt Norgesglas !

Norgesglas..ikkje bare er dei nyttige, men fine og.
Her i huset vert dei nytta til litt av kvart : matkrukker, oppbevaring, 
vasar, lykter osv...

Oppbevaring og pynt på kjøkkenet
Julapynt (som står framme endo..)
Oppbevaring av telys
Blomstervasar


Hagelykter
Eg diggar desse glasa, 
og sidan det stod ein del av dei igjen i Karen-huset 
veks "samlinga" her inne i hovudhuset ;)
Dei kan jo brukast til så mangt
- og garantert til så mykje meir enn eg har komme på!

Håpar du har lyst til å væra med å visa korleis du nyttar ditt Norgesglas :)

(Lag eit innlegg om norgesglaset/glasa på bloggen din, og legg til link under her) 

I tillegg til at Random trekker ein tilfeldig vinnar blandt deltakerane, 
velger eg ut den som "fengar meg mest"
Og premiane,..dei viser eg om litt ;)

Birgit






torsdag 7. juni 2012

1. slåtten..

Her er slåtten i full gang !
 Sjølv har eg vore på jobb i barnehagen her både i går og idag, 
så noko traktorkøyring på meg har det ikkje blitt :( 
Då er det jammen godt at me har svigerfar som er med !
Dumt å vær på jobb desse dagane,
 men det var vakter eg hadde sagt ja til for lenge sidan.
Men eg har tatt mjølkinga på kveldane,
så då har eg iallefall bidratt bittelitt...
Våronna, slåtten og slike ting er eigentleg noko av 
det kjekkaste på garden, 
gøy når det er så "livat" på tunet.

Gutane starta sin eigen slått for ei stund sidan.. :

                                            
Denne måten å hesja på var ny for meg ;)

Kjekt at dei viser interressa for gardslivet, 
og eg vil tru dei gler seg mest til dei er 
gamle nok til å væra med i den skikkelige slåtten 
- spørst om mammen slepp te når den tid kjem...

Ha ein fortsatt fin dag !

Birgit

mandag 4. juni 2012

Ting tar ...

...TID !
Her i huset gjer det iallefall det..
- nokon som kjenner seg igjen, eller er det bare her det er slik ? ;)

Nå er eg snart ferdig å mala i "finståvo"
...som den kallest i desse Ryfylke- huso.
Koseleg med ei finståva, slik dei hadde i gamledagar, 
..men den forsvinn nok når me har renovert. 


 Finståvo er super å ha når me får besøk,
 me er der jo aldri sjølv - dermed ikkje rot ;)
Men at så mykje av arealet i hovudetasjen nesten ikkje 
vert brukt er jo litt for gale.

 Bjelkane i taket forsvinn, eller vert lysare når me renovere
Male/beisa furuveggen kvit - eller la den vær ?
 Verandadøra er og i detta rommet, 
og den vil me jo ha litt meir tilgjengeleg.
Så planen er å, på ein eller anna måte få nytta arealet meir,.. på sikt,
...etter bygging av grishus og slike ting !
Arg !! ;)

 Nei, nå har eg jammen meg klart å snu detta innlegget 
til syting øve kor gørr det er å måtta venta på å renovera,
..skulle jo skriva om kor bra det var at eg snart er ferdig å mala i denna ståvo !
..for det er visst det me gjer nå, i første omgang ja,..MALE !! 
Eigentleg ganska så kjedelig å mala når ein veit at det er midlertidig,
..men det er jo kjekt å få det litt 
"sitt eige" og <3

Dette bilde er ein av tinga som stod igjen i huset her då me øvetok.
 Til vanleg likar eg best å ha kvitfarge på veggene, 
men nå når detta er midlertidig er det gøy 
å prøva litt fargar og.
I ståva her har eg brukt fargen "muskattnøtt" 

Ønsker dåken alle ei fin ny veka !

Birgit