tirsdag 12. august 2014

Karen-huset

Då me flytta til Årdal (juni 2010) budde me ei lita stund hjå svigers.
Dette medan me pussa opp "Karen-huset" 
(navnet kjem av at det er svigerfar sin tante Karen som budde der før)
 Eller det vil sei, me budde hjå svigers til me hadde pussa opp 
soveromma og grovkjøkkenet/vaskeromet,
då det var ferdig flytta me inn. 
Rart kva som går når ein vil,..og har grill ;)
 Her budde me medan svigers bygde seg nytt hus nede i bygda.
Me flytta ned i hovudhuset i november 2011

Etter dette har me leigd det ut, men dei som leigde flytta ut nå i somar.
Huset står bokstaveleg talt på plenen vår, altså litt tett oppi..
Derfor lurte me ei stund på om me skulle slutta å leiga det ut
(det var ikkje noko problem med dei som budde der altså!).

Men sidan me har lagt ut ein del på å pussa det opp
 er det litt for gale å bare la det stå der..

Derfor har me nå møblert det 
og vil prøva å leiga det ut på ein litt anna måte.
 Nå har det seg slik at me bygger opp redskapshuset 
som brann ned ifjor, 
også skal me bygga fjos i vinter, 
så då passar det godt å ha huset til 
"byggfolka"denne vinteren.
(firma frå bysido)

 Etter dette vil me prøva å leiga det ut som feriehus 
og/eller til fiskerar.

Håpar det blir litt utleige - til me har "gått i null" iallefall ;)

 Ha ein fortsatt fin kveld!

Birgit


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar