onsdag 13. mai 2015

Nytt "familiemedlem" ..eller husdyr om du vil.

Nytt, og nytt..kan kansje ikkje kalla hu ny lenger med
 tanke på at me har hatt hu i eit halvt år.
Eit enormt travelt halvår,
 med bygging av fjos, noko som heldigvis nærmar seg ferdig.
Skal vise bilder av det ein anna dag :)

Me har altså fått oss ny hund, 
og denne gong fekk ikkje mammen velga sjølv.
Gutane hadde plutseleg meiningar på området..arg! ;)
Slik er det.. eldstemann hadde veldig lyst på ein Cavalier,
 men grunna allergi i heimen 
måtte me inn på lista over "små-allergivenlege" hundar. 
Då enda me altså på denne her :
 Dvergschnauzer i fargen sort/silver
 Shira heiter hu, ei livlig, betsemt lita gladjenta som lagar liv i heimen.
 Begynner å roa seg litt nå, 
men det er utruleg kor godt lag det er i desse firbeinte.
 Elskar å væra ute!
 Og blir bittelitt utskjemd ;) 
(fordelen med å vær liten, nesten veskehund..)

Rart å gå fra rottweiler til denne litle rasen her, men veldig kjekt å ha hund igjen!
Og stor hund får eg få meg igjen når gutane er ute av redet ;)

Ha ein fortsatt fin kveld!

Birgit


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar