fredag 29. mai 2015

Helgekos

Då var det helg igjen og tid for ny oppskrift på enkel helgekos.
Ser at det nyttar ikkje for meg å skriva at det skal komma kvar fredag
 (glapp visst allereie forrige fredag..)
Men eg skal iallefall hive innpå ei oppskrift nokon fredagar innimellom ;)

Denne gongen tenkte eg å dela oppskrift på noko kjempegodt 
me fekk servert på besøk hjå eit anna par her i Årdal.
Måtte bare spør om oppskrifta etter at me hadde smakt den.
Og folk som har smakt den her har og fått med seg oppskrift, 
så denne er verdt å prøva!

Sweet-chili gryte :
Du treng :
3-400 g strimla svinekjøtt
1 pk stjernebacon
1 liten el. 1/2 purre
1 fedd kvitløk
1,5 dl matfløyte
1,5 dl sweet-chilisaus
cashewnøtter

- surr purre og kvitløk, legg av
- steik svinekjøttet og bacon
- bland dette
Tøm øve matfløyte og sweet-chilisaus
(eg pleier å bruke meir av dette for å få meir saus)
Server med ris og cashewnøtter

Enjoy!

God helg!

Birgit

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar