onsdag 19. juni 2013

Har du vore der,..

..på Amundsen spesial i Haugesund ?
Visst svaret er nei bør du gjera noko med det ;)
 Ikkje ofta eg anbefaler butikkar, men denna er noko for seg sjølv, 
den er faktisk ein av få butikkar eg får mannen med inn på uten "sure minèr" ;)
- og det seier litt, for min mann er ikkje den største shopparen (heldigvis)
 Kvar gong eg er i Haugesund må eg inn her ein tur, om eg ikkje skal ha noko og
- bare for å oppleva atmosfæren.
Føler ein går litt tilbake i tid (på ein positiv måte), 
litt slik eg innbiller meg at det var hjå kjøpmenn før i tida, koseleg, varmt og null stress!
(Bileta frå butikken tok eg då mannen og eg var innom i februar)

Amundsen spesial finn du i Haugesund sentrum og på Oasen Storsenter.
I begynnelsen av juni åpna dei nettbutikk - også verdt eit besøk !
Dei leverer og varer til butikkar rundt om i heila Norge, bla. til Kremmerhusa.

Då me var på bloggtreff fekk me to heilt magiske goodiebagar av Amundsen.
Etter å ha smakt på dette og kikka på nettbutikken deiras har eg handlelista 
klar til neste gong eg er i Haugesund.

Alt dette fekk me:

 Te, varm sjokolade og kjeks frå Whittard
 Olivenolja, oliven og pesto frå JME Food
  
Når ein held seg frå å eta snop kjem varm sjokolade
veldig godt med ;)
<3 Love it <3
Tusen takk til Amundsen spesial for alt det goda me fekk!

Birgit 

2 kommentarer:

  1. hmm dette ser ut som en gøy butikk!

    SvarSlett
  2. Heilt enige med deg, Birgit: Absolutt verdt et besøk!
    Hilsen Irene i Haugesund :)

    SvarSlett