tirsdag 31. juli 2012

Litt treige ja,..

Det er faktisk ei god stund sidan sist bloggtreff her i Rogaland 
..var ei stund maen i huset lurte på om me sko ha treff  kvar mnd ;)

På forige treff  var me så heldige at me fekk komma på 
kundekveld i den flotte butikken Thelma & Molli, som ligg på Sola.
Har lenge tenkt at eg sko legga ut bilde av det eg fekk (kjøpte) med meg derifrå
...men ting tar tid ;)




(Hekladuken på bordet fekk eg av mi kjære farmor til 30 årsdagen min)

Har du vore innom denna butikken ?
Visst ikkje - ta turen ;)

Ha ein fortsatt fin dag !

Birgit

søndag 29. juli 2012

Denne veka har sidevisningane runda 20 000 
- kjempe kjekt for litle meg  :)
Dette må jo feirast med ein aldri så liten giveaway...
kjem tilbake til den iløpet av veka.


Idag skal me på tur til Varhaug, 
til eit anna par som møttes då me gjekk på jordbruksskulen i Lyngdal
...for LEEENGE si ;)

Fin søndag !

Birgit

tirsdag 24. juli 2012

Julikveld

Sol frå klar himmel, vindstille og god temperatur..
Ute ved grillen, jordbær i skåla, kald drikka 
og gutane spring barbeint på plenen....

Eller,..nei slik var det visst ikkje.

Øs pøs, tåka og regn...
Inne med fyr i ovnen, kjøttsuppa til middag, 
levande lys, varm te i koppen 
og gutane sitt på skinnfellen og ser tv ;)
 
Blomst og potte frå Ikea, telysestakar frå Home&Cottage

Haust på bordet i kveld



Tine K krus (Ølen Møbel) og Pukka te (50,- på Sunkost i Ølen)

Ein god kopp te hjelper godt mot "versjuko"



Tøffler frå obs ;)

Ønsker dåken alle ein fortsatt kosleg julikveld !
..og håpar sommarvarmen kjem snart !!

Birgit

fredag 6. juli 2012

Utfordring Norgesglas

Ups !
Heng visst etter her,..skulle kåra vinnerar 1. juli, men grunna ferie har det gått meg hus forbi - sorry !


Tusen takk for dei flotte bidraga som er kommet inn ! 

Velger å la utfordringa gå ut sommarferien, setter fristen til 20. august 
- dette fordi eg håpar fleire vil hiva seg på.
(treng kansje litt tid nå i ferien ? ) ;)

Kjekt om DU vil væra med !

Om du vil væra med kan du linka til ditt innlegg om ditt/dine 
Norgesglas her

Fortsatt god sommar !

Birgit

mandag 25. juni 2012

Tigerstaden

Juhu !
Nå er det bare 3 dagar til me setter nasen mot Oslo
- gler oss MASSE !
Skal bli heilt fantastisk med 1, 5 veka ferie :)


I Oslo skal me bu hjå ei barndomsvenninna av meg. 
Gler oss til tid ilag med familien hennas !
På søndag reiser dei til Ølen,
men då er dei så greie at me får låna huset deiras resten av ferien
 - snille Dagrun <3


Me har nokre få planar
 - men er ellers åpne for forslag av "Oslovande" folk!
Innspel mottas med takk ;)

- Kva finn ein på med barn i Oslo ?
- Kor bør mammen gå på interiørshopping ?
- Kor går ein og bader ?
- Kafè ?
- Andre idèar ?
 

 Det me veit me skal er : teknisk museum, ut på "by-øyene", kino (det er stas for ungar fra Årdal), køyra t-banen (og stas for Årdalsbuar),VG lista topp 20 på fredag, til Løten på besøk til min storebror, møta ei barndomsvenninna som bur i Rælingen, interiørbutikkar  (ikkje sei d til maen) ;) ..og ellers bare kosa oss, slappa av og ikkje sjå på klokka om det snart er fjostid ! hihi


Ønsker dåken alle ei fin, fin ny veka !

Birgit



fredag 22. juni 2012

Endeleg...

..har gutane fått sommarferie. 

Gøy på landet !
(For dei som ser den slags,..Ja, det er eit gammalt bilde - grønare i bakkane nå;) ) 
 
Fytti, det er herleg når ferien starte !
Ingen morgenkamp med klåkko, 
ingen lekser å følga med på, 
ingen aktivitetar som skal rekkast
og nesten best av alt ; 
ingen fast leggetid !

Elskar laaange sommarkveldar ;
 ferdig i fjosen, kvelds på terrassen 
og ungane som hoppe på trampolinen 
eller spele fotball til langt på kveld. 
*LYKKE*
..så nå kan sommarvarmen bare komma !!! (lov å håpa) 

Og det raraste av alt,..når skulestart nærme seg gler eg meg MASSE te å "komma inn i normalen" igjen
 

GOD SOMMAR !

Birgit

torsdag 21. juni 2012

*SMELTE*

Noko av det finaste eg veit er blomar (og ugras) 
plukka av barnehender.
Smelte heilt eg,..
når gutane kjem inn med kvar sin 
nyplukka bukett i hendene <3

Desse fine kom dei inn med i går kveld :





Snille gutane mine <3

Fin fredag !

Birgit