lørdag 6. april 2013

Vinnaren !

Tirsdag skreiv eg at eg skulle trekka vinnaren
av giveawayen iløpet av dagen.
Men nå vart ikkje den dagen akkurat som planlagt...
Ganske langt ifrå slik som planlagt faktisk!
Utpå ettermiddagen stod nemleg redskapshuset vårt i full fyr

Med tanke på kor nærme fjosen dette stod
var det ganske så skummelt i byrjinga,
men då brannmennene var på plass og me såg
at dei fekk kontroll gjekk det heile veldig fint.

Trasig å mista redskapshuset på denne måten, og brann er skummelt!
Men alt som var i dette huset kan erstattast
- bare ting som gjekk med i brannen :)

Vell, tilbake til vinnaren av giveawayen :

Det vart trekt heile 277 lodd og gutane fekk i oppgåva å velga vinnartalet
Etter vekas hendelse vart talet (ikkje øveraskande) 110 ;)

Og den heldige vinnaren vart Tina T GRATULERA !

Fint om du vil senda meg mailadressa di på
birgitvalheim@hotmail.com ,
så sender eg den vidare til butikken.

God helg !

Birgit

2 kommentarer:

  1. Oi, så skummelt! Brann er marerittet mitt.. Men bra det gikk så godt som det nå enda gjorde.. :) Gratulerer til vinneren :)

    SvarSlett
  2. Uff, smummelt.... Bra at det gikk bare materielle tind da...

    Klem

    SvarSlett