søndag 25. desember 2011

GOD JUL !

Då var juledagen her, ei vellukka julafta er øve og freden har senka seg.
Nå skal me bare slappa av, eta masse mat (igjen) og ikkje minst HA TID ILAG !
Elsker desse juledagane der einaste som er på "programmet" er å væra saman <3

Bilde hang igjen i huset då svigers flytta :)
Som de veit bur me nok ein gong i eit oppussingsprosjekt, vel og merka bare maling som skjer her nå 
-men, jammen tar det tid det og.
Eg hadde håpa at me skulle vær ferdige i "finstova" til afta kom, men det rakk me altså ikkje. Gjennstår litt maling endo. Så då fekk me heller ha julemiddagen på kjøkkenet...eller ??
Skal/skal ikkje..2,5 time før julemiddagen skulle inntas bestemte me oss 
for at : Jo, me flyttar spisebordet ner frå Karen-huset og inn i 
den delen av stova som er ferdig malt :)
Og det gjekk akkurat,..me bar ilag 
- mannen tok resten av maten og eg fekk inn litt "stasj"..
Klarte faktisk å få eit heilt kvarter til gutane og meg på badet før maten var ferdig ;)

Her er bilde av stova då me bestemte oss :


Og kl.17.45 var det klart til middag :



Godt det bare var oss 4 som skulle væra her på afta, ellers hadde eg nok ikkje prøvd på dette
- men, det gjekk jo bra ! 
Også er det jammen godt når slike ting er gjort :)
(skulle bare ønskt nokon hadde malt bordet mens det stod i det andra huset)

Nå skal me ikkje mala, heller ikkje flytta på ting på MANGEN dagar - først skal heilagdagane nytast, så bærer det heim til Ølen på tirsdag  ! *Glede*
(har fått gåvekort på Ølen møbel - JIPPI ! )

Ønsker dåken alle ei fortsatt fin julehøgtid <3

Birgit

2 kommentarer:

  1. SÅ koslig at de fekk det til! Her og var det å få rydda og stellt på beste måte för roa senka seg :)
    Bilete kjem litt seinare :)
    Nyt frien og freden!

    Klem

    SvarSlett
  2. After lοoking into a few of thе blοg artiсlеs on your web page, I trulу apprеciate your ωay of
    blogging. I ѕаved as a favοritе it
    tο my booκmаrk site list
    and will bе chеcking baсk ѕoon.

    Please ѵisit my web sitе too and
    tell me your opinion.

    Mу ωebρage Arjun Kanuri

    SvarSlett