onsdag 20. februar 2013

Giveaway !

Då var det på tide med ein ny giveaway her på bloggen !
Denne gang i samarbeid med ALL VERDAS gåver og bruksting.

ALL VERDAS er ein ny nettbutikk i Ryfylke, 
som hovudsakleg satsar på fair trade-produkt.
Det du kan vinna er denne kjekke sauknaggen med to krokar,
i valgfri farge (svart eller kvit) :

Denne butikken har mykje forskjellig, og noko for ein kvar smak :)
Er du på jakt etter noko spesielt, er det berre å ta kontakt med dei.
Kanskje finst det i den fysiske butikken, eller det kan vera at dei kan skaffa.
ALL VERDAS har eigen import frå fleire land.

Har du ein god idé, kan dei kanskje få produsert akkurat ditt produkt !

Her er noko av det du finn i butikken :










Lyst til å vera med å prøva lukka ?
1 lodd : kommentar under innlegget her
2 lodd: legg igjen ein kommentar der du skriv kva som er din favoritt i nettbutikken
3 lodd: lik butikken si facebook sida
4 lodd: bli/ver følgjar av bloggen min
5 lodd: link til innlegget på din eigen blogg med det øvste biletet
Hugs å skriv kor mange lodd du tek
Totalt kan du få heile 15 lodd :)

Trekning 2. april


fredag 8. februar 2013

Valheim

På dagar som denna ser eg verkeleg
 kor heldige me er,
 som får bu og arbeida på
 ein så flott plass ! 
 (Bildene i bilderaset er frå ein tidlegare vinter)

 Sjølv om eg og "gikta" mi likar våren og sommaren best,
 kan ein jo ikkje unngå å lika dagar som denna !

 Nå er me klar for ungane sin skuleferi, sol og fint skiføre i fjellet !
Elskar skuleferiar :-)

God helg !
Og god vinterferi til alle som har det !

Birgit

mandag 21. januar 2013

Kvardagsdessert

Gutane meiner at me har dessert alt for sjelden, 
mammen meine at det får me halda til søndagen!
(med tanke på mammen sin kapasitet når det kjem til inntak av
 søtsaker er det nok best å ha det slik!!!)

Men av og til hender det likevell at me har dessert midt i veka,
 for det er jo ikkje alle dessertar som er lika søte.

Denne for eksempel,
 er kjempe god:

 Og veldig enkel :

Deler opp den frukta ein har liggande, 
hiv oppå vanilje kesam
- enjoy !

(Her er det brukt eple, banan, kiwi og druer)

Nå høyrtes det jammen ut som mammen i huset her har sjølvdisiplin til å væra sunn, 
og viss me ikkje nemner det hu et i smug når ungane ikkje er der, kan ein jo bare tru det ! ;)
Klarer du å eta lika sunt som du vil ungane dine skal ?
..i tilfelle er du god ! ;)

Ha ein fin, fin kveld ! 

Birgit

søndag 13. januar 2013

Print

Rett før jul fekk eg ein kjempekjekk pakke i posten
- eg har nemleg snopa meg print frå flinke Manuela 
Var og så heldig å få med julakort frå dei - nydeleg bilde!  
Nå har eg endeleg fått handla ramer til printa
- gler meg til å få dei på plass :)

Anbefaler deg å kikka innom blogshopen Mrs Hardy Shop

Ha ein fin søndag!

Birgit

fredag 11. januar 2013

Frå rødt til blått

Sist helg rauk jula ut, 
og tinga som vart pakka ned når jula kom opp,
blei henta fram igjen.

Prøver å finna nye plassar til tinga, 
men som dei vanedyra me er, er ikkje det så lett ;)

Har mangen ganger prøvd å ha andre fargar enn blått i ståva,
men etter ei stund dett eg alltid tilbake til det blåa.
Med tanke på barndommen - der eg hadde blå dukkevogn, 
blå klær på dukka, kvitt og blått rom med kvit 
og blå lampe kan det jo henda at 
eg bare skal gi opp og prøva meg på andre fargar ;)

Men heilt greit det, for
blått e jo flott ! 

Alltid kjekt med litt nytt når jula er rydda vekk, 
men den lysten kan jo krasja litt med
 dei faktiske forholda på kontoen i januar...

På salget har eg kun handla meg nokre blå lys
 og eit teppe til å ha i sofaen.

Godt det ikkje alltid skal så mykje til for å få forandringen :)
 Slik som detta bilde står fleire bilder her i huset...
Det med bilder på veggen, og belysning er absolutt 
det eg syns er vanskeligast med møblering.
Jaja, dei kan nå bare stå slik og..likar jo når ting ikkje er heilt "på G" ;)

Ynskjer dåken alle ei 
God helg!

Birgit

torsdag 10. januar 2013

30 000...

..sidevisningar ! 

Sjølv om eg veit at dette er eit lite tal for mangen her inne, 
må eg jo bare innrømma at 
dette er eit stort tal for "litle meg"
Derfor velger eg å jubla og vær glad for det ;) 
Juhuuu !!! 
Viktig å gleda seg øve dei små gledene og

Ellers kan eg røpa at det snart kjem ein liten giveaway her inne, 
denne gangen i samarbeid med ein kjekk og litt annerledes butikk her i Ryfylke !
Så følg med ;)

Kan og nemna at eg er på Instagram
- glad om du vil følga meg der
... BIRGITAV ...

(om nokon tek seg bryet med å forklara ein uvitande(meg)
korleis eg får lagt ut "knapp" til Instagram her på bloggen
vert eg veldig glad ;) På forhand takk !

Ha ein fin dag!

Birgit

søndag 6. januar 2013

Oreo himmelsk fromasjkake

Ja, det var det dei kalla kaka på detsoteliv.no
Og himmelsk var den !!!

I mangel på friske bær blei det bare sjokoladesausen oppå vår idag.
Men den "gjekk ner" likevell ;)

Her er oppskrifta : 
(henta frå detsoteliv.no)

Ingredienser:

Oreobotn:
300 g Oreokjeks
75 g smør

Ostefromasj:
1 pk jordbærgelépulver
2,5 dl kokande vatn
200 g kremost naturell
3 dl lettrømme
100 g melis
3 dl kremfløyte

Sjokoladefromasj:
1 pk sjokolademousse med betar av mlkesjokolade (Freia)
3 dl kremfløyte

Pynt:
jordbær eller andre friske bær
sjokoladesaus 

Slik gjer du :

Oreokjeks (behold kremfyllet i midten) i ein foodprocessor og kjør til smular. Bland dette med smelta smør.

Ha blandingen i botn på en kakeform (26 cm i diameter) og sett i kjøleskapet.

Løys opp jordbærgelépulveret i kokande vatn. La geléblandingen stå til den er avkjølt, men fortsatt heilt flytande. Pisk samen kremost, rømme og melis til ei jevn og klumpfri osterøra. Bland den avkjølte, flytande geléblandingen i ostefyllet og rør godt. Pisk kremfløyten til krem og vend inn i ostefyllet til slutt. Bruk ein stålvisp så alle kremklumpar forsvinn og osterøra blir jevn og glatt.

Hell ostefyllet øve oreokjeksbotn i kakeforma og sett forma i kjøleskapet i minst 4 timar (eventuelt over natta).

Pisk sjokolademoussepulveret med kremfløyte til blandingen er stiv (ikkje pisk så lenge som det står på pakningen, bare til moussen blir stiv og tjukk. Fordel sjokolademoussen øve ostefromasjen i forma og sett den tilbake i kjøleskapet i 4 timer eller til moussen har stivna (eventuelt over natta).

Løsna kakeringen frå kaka og pynt kaka med friske jordbær eller andre bær. Ringle over rikelige mengder med sjokoladesaus før servering.

                                                           ENJOY !

                                                                                Birgit