søndag 25. desember 2011

GOD JUL !

Då var juledagen her, ei vellukka julafta er øve og freden har senka seg.
Nå skal me bare slappa av, eta masse mat (igjen) og ikkje minst HA TID ILAG !
Elsker desse juledagane der einaste som er på "programmet" er å væra saman <3

Bilde hang igjen i huset då svigers flytta :)
Som de veit bur me nok ein gong i eit oppussingsprosjekt, vel og merka bare maling som skjer her nå 
-men, jammen tar det tid det og.
Eg hadde håpa at me skulle vær ferdige i "finstova" til afta kom, men det rakk me altså ikkje. Gjennstår litt maling endo. Så då fekk me heller ha julemiddagen på kjøkkenet...eller ??
Skal/skal ikkje..2,5 time før julemiddagen skulle inntas bestemte me oss 
for at : Jo, me flyttar spisebordet ner frå Karen-huset og inn i 
den delen av stova som er ferdig malt :)
Og det gjekk akkurat,..me bar ilag 
- mannen tok resten av maten og eg fekk inn litt "stasj"..
Klarte faktisk å få eit heilt kvarter til gutane og meg på badet før maten var ferdig ;)

Her er bilde av stova då me bestemte oss :


Og kl.17.45 var det klart til middag :



Godt det bare var oss 4 som skulle væra her på afta, ellers hadde eg nok ikkje prøvd på dette
- men, det gjekk jo bra ! 
Også er det jammen godt når slike ting er gjort :)
(skulle bare ønskt nokon hadde malt bordet mens det stod i det andra huset)

Nå skal me ikkje mala, heller ikkje flytta på ting på MANGEN dagar - først skal heilagdagane nytast, så bærer det heim til Ølen på tirsdag  ! *Glede*
(har fått gåvekort på Ølen møbel - JIPPI ! )

Ønsker dåken alle ei fortsatt fin julehøgtid <3

Birgit

torsdag 8. desember 2011

Fantastisk arbeidsplass !

Eg vil tru at på dei fleste jobbar (sjølv om ein trivest) 
har ein periodar der ein kan "gå litt lei"
-heldigvis er desse periodane som regel kortvarige, 
og det er ting ved jobben som "løfter ein opp jen"

Legg ut nokre bilder av noko av det som absolutt får meg 
"oppå jen" i leie periodar :)
(bildene er tatt på vegen mellom fjosen og grishuset)





<3

Ha ein fortsatt fin dag !

Birgit 

tirsdag 6. desember 2011

Jul i vårt hus ?

Nei, det er ikkje heilt jul i huset her enda,.. 
men noko har eg jo klart å "snika" inn ;)
Jula her hos oss er alltid RØD
men eg plar venta til me er litt nærmare jul med det.
Men, når 1.desember og advent kjem er det jo alltid koselig å finna fram litt :)

Litt pynt på plass i ståva :

Zinkhus frå Kremmerhuset

Trestjerner fra Home & Cottage

Hjerte frå Byggmiks Ølen

...og litt på kjøkkenet :
Hjerte frå Byggmiks Ølen, reinsdyrpynten frå Kremmerhuset
Svibel frå Rema 1000, fat frå Ikea
 Så litt jul er det jo i vårt hus ;)
(og me gler oss MASSE til å finna fram resten av pynten...neste helg !)

Birgit

fredag 2. desember 2011

Fornying eller tradisjon ?

Etter haustens MANGE flotte juleinspirasjonar her inne hadde eg hovudet stappa av nye idear for både pakkekalender og adventsstake,... 
Men, då det nærma seg 1.desember og gutane begynte å engasjera seg fant eg jo fort ut at det verken var pakkar hengande på rekved-plank eller 4 kubbelys på eit rustikt fat gutane såg føre seg - og gleda seg til...

Det var nok andre ting dei hadde i tankane ja...
Nemleg pakkekalenderen med nissen på - som oldemora sydde til eldstemann første jula hans, og Perfect Home adventstaken me har hatt i mangen år...

Og når dei er så tydelege på gleden øve desse tradisjonane hadde eg jo ikkje samvittighet til å "trumfa" gjennom mine NYE planar...




Og nå når det er på plass - ja, då må nok ho mamma og innrømma at dei har sin sjarm desse tradisjonane  

<3

Ha ein god dag !

Birgit

søndag 13. november 2011

Farsdag !

Har vore stille her inne nokre dagar nå,..
Mannen er med min pappa til Ukraina med hjelpesending, 
så med gard, ungar og hus blir det lite tid til blogging.
Har gått heilt fint, og svigerfar er "bakvakt" om eg treng hjelp til noko på garden.
Men, jammen er eg glad for at me er to til vanleg ! <3

Savner jo desse to som er på reis litt ekstra idag når det er farsdag. Men nå skal gutane og eg ner til svigers på middag. Så ein "Beste" får dei iallefall gi ei lita gåve til, koselig det der med gåver og born 
- godt dei har glede av å gi !!! :)

Så nå har mini`en og eg pakka inn gåva og me er snart klar for middag.



Og her eit lite dikt til min kjære pappa som er i Ukraina for 17. gong 
- taler for korleis han er. 
Det er selvfølgelig til min kjære mann frå gutane og ;)

Da fedre ble til
var tanken ganske klar.
For fedre har noe i seg
som ingen andre har.

De øser av sin omsorg
og deler alt de vet.
De viser deg at livet
er håp og kjærlighet.

Derfor har vi fedre
og dersom du spør meg :
Den beste far i verden
det er nettopp DEG!

Seinare i dag kjem mamma for å væra hos oss nokre dagar :)

Ønsker dykk alle ein fin, fin søndag !

Birgit

onsdag 9. november 2011

Damenes aften i kveld !

Gleder meg til i kveld, då skal ei venninna og eg på Damenes aften på Bryne ! 
Barnevakta er i boks (heilt frå skuleslutt) og avløysaren er bestilt.
(Mannen reiste til Ukraina med hjelpesending ilag med min pappa i går kveld 
så då må det litt organisering til før ein kan ta ut)

-Så nå er det bare å springa bort og stella grisene,
for så og komma seg til by`n !
Må jo nytta dagen når ein først skal øve på den sida av fjorden ;)


Fleire som skal til Bohus Jæren ikveld ?

Ha ein fin dag !

Birgit

Ullsokkane dine ? ...

...neei, "de har jeg ikke sett" !

Håpar ikkje mannen treng ullsokkane sine med det førsta, dei funke nemlig ikkje så godt lenger ;)


Enkel måte å lage lykter på - såg dette tipset på God morgen Norge her ein dag.

Treng syltetøyglas og ullsokk (lurt å sy litt der ein klypper så dei ikkje raknar).


Klypp av sokken i den lengden du vil ha, sy litt i enden, tre den på glaset og vips du har ei ny lykt :)
...og mannen - ja, treng han ullsokkar har han jo framleis ein av kvar. Hihi ;)


Nei, nå får eg ta ein tur bort i grishuset
-sytsomt å gå ut igjen etter at gutane er gått på skulen, men dei treng jo stell dei rosa og ;)

Ha ein god dag !

Birgit