søndag 15. april 2012

Gler meg til sommar !

Har funne fram litt av "sommartingo" i håp om at temperaturen stig snart ;)



Ønsker alle ein fin søndag !

Birgit

søndag 8. april 2012

Gulrotmuffin à la R.O.O.M

Må bare dela denna fristelsen :)
Farleg gode...

Gulrotpynt kun til bildepryd ;)

Ingredienser:

3 store egg
2,5 dl matolje
350 g sukker
2 ts vaniljesukker
2 ts kanel
0,5 ts muskat
0,5 ss natron
0,5 ss bakepulver
325 g kveitemjøl
100 g kokesjokolade
400 g revet gulrot
1 1/2 eple

Ostekrem:
200 g smør
500 g melis
400 g kremost
3 ss vaniljesukker



Framgangsmåte:

Pisk saman egg, olje og sukker til massen blir lys. Sikt saman kveitemjøl og dei øvrige tørre ingrediensa. Bland i. Rør i hakka kokesjokolade. Riv gulrøttene fint. Skrell epla og riv desse og. Vend revne gulrøtter og revne epler i deigen.

Fordel deigen i store, amerikanske muffinsformer så dei blir omtrent 2/3 fulle. Steik muffinsane på steikeplate midt i ovnen ved 180°C i 25-30 min (sjekk med kakenål at muffinsane er heilt steikte). Avkjøl.

Rør saman romtemperert smør og melis til ostekremen. Pisk så inn romtemperert kremost og vaniljesukker. 
Kleis på ;)

VELBEKOMME :)

God 1.påskedag !

Birgit

fredag 6. april 2012

Tine K og Ølen Møbel

For nokre helger sidan hadde eg besøk av 
ei av mine beste barndomsvenninner.
Hu hadde pakke med til meg, snille Kristine ! :)

Og hu kunne ikkje truffe betre ! 


Fekk skåler frå Tine K, som hu hadde kjøpt hjå Ølen Møbel.
Sko trudd hu kjente meg... ;)

Og då passe det jo godt at me snart skal på bloggtreff i Ølen, 
slik at eg får fylla med koppar o.l 

Og sjå kva eg/me fekk til jul av mamma og pappa : 


Gåvekort hjå Ølen Møbel ! Juhu !!! :)

Fin fredag !

Birgit

onsdag 4. april 2012

Drømmer om kaffimaskin...

..har drømt om det en stund, men det koster jo litt.
Men nå har kitchn kampanje på MASKINA eg vil ha !!!

Bilde lånt frå kitchn.no

 Jippi ! Eller...
Jo, det er jo bra,..
Men nei, fillen og : dårlig timing ! 
- det var jo (av alle ting) mjølkeanlegg me skulle kjøpa nå først...

Bilde lånt frå finn.no

 ARG !!!
Av og til er det ganske så vanskeleg å venna seg til prioriteringane
 me tar etter at me blei bønder..
...slik som NÅ :(

Men for all del, det blir jo FANTASTISK å 
"gå på jobb" når me har bytta anlegg :-)
...Så me får heller venta te neste kampanje
 - og moccamasteren duge jo den og ;)
(håpe maen lese detta,..og huske det til bursdag eller jul)

Ha ein fortryllande flott kveld i fina veret - nyt sola,..og kaffikoppen !

Birgit

tirsdag 3. april 2012

Bloggtreff i Ølen !

Jippi,..Lørdag 28.april - eller eigentleg heile den helga, skal eg heim til Ølen ! :)
Lørdagen er me bloggerar så heldige å få komma på 
"førmiddagstreff" hjå Ølen Møbel
(sjekk ut den fine bloggen innehavaren har her.)

Etter sist bloggtreff (mitt første) kjenner eg at eg gler meg 
MASSE til å få møta mangen av 
dei kjekke damene igjen
- og til å helsa på nye :)


 Har DU meldt deg på ? 
Visst ikkje er det påmelding til denne mailadressa :
siljehusebo@gmail.com 

GLER MEG !
ekstra gøy at det er i Ølen då ;) 

Birgit

mandag 2. april 2012

Give away !

Øve 10 000 sidevisningar (nesten 11 000) - er mykje det for litle meg ! 
Dette må sjølvsagt feirast med ein liten give away :)

Er såå glad for alle som er innom her, 
og kjempe glad for alle dei koselege komentarane de legg igjen ! 
Takk <3

Førstepremien er eit nydelig skjerf, kjøpt hjå Den Franske Landstil 
(kjøpte eit då me var der på Fabelaktig bloggtreff i mars, 
men så fekk me eit i goodiebagen frå dei 
- så det vil eg gjerne dele med ein av dykk)


 Andrepremien (ein liten trøstepremie) er to pakkar med serviettar frå Kremmerhuset 


 Slik funker det :
1 lodd for kommentar under innlegget her
1 lodd for å bli/være følger 
2 lodd for å linke denne give awayen på bloggen din
(husk å skriv kor mangen lodd du har "oppnådd")

Trekning 1. mai

Lykke til !

Birgit

søndag 1. april 2012

Ein flott dag i snøen

Me er så heldige at me bur kun 10 minutts køyretur frå Lyngsheia 
- "vinterlandet vårt" :)

Ved frukosten igår lova eg Benjamin at me skulle ta ein tur opp der,...
..om han blei med meg og tok litt av helgavasken først ;)
Og jammen kan han når han vil ! 

Så etter ein runde med støvsugar og klut pakka me i bilen og tok avgårde til vinterland <3

(Minsten - Ruben, er på leir og maen e bonde - så det blei
 Benjamin, vofsen og meg som tok turen.)


Nanok nyt utsikten ;)
 Var heilt fantastisk der oppe - for ein flott natur me har !!!


Ikkje lett detta her,..
 
...godt nok ;)



På veg ned igjen - flott utsikt øve Øvre Tysdalsvatnet og Valheim

 Hadde tenkt å laga eit innlegg med bilder av litt vårlige ting i huset idag, 
men måtte bare dela bilder frå den flotte dagen vår !

Men,.. eit av bildene må eg bare visa ;)
det avsløre nemlig at me skulle gjort litt meir husarbeid før me for..hihi.



Sjekk DET kjøkkenvinduet - på tide med ein vask kansje ??? ;)

Ja, ja,..me hadde iallefall ein fin tur opp i snøen
...og der va ingen skitne vinduer ;)
Og idag er det søndag,.. så det må nok venta litt til.

Fin søndag !
(P.S : I kveld kjem det ein liten giveaway her)
Birgit