Her er slåtten i full gang !
Sjølv har eg vore på jobb i barnehagen her både i går og idag,
så noko traktorkøyring på meg har det ikkje blitt :(
Då er det jammen godt at me har svigerfar som er med !
Dumt å vær på jobb desse dagane,
men det var vakter eg hadde sagt ja til for lenge sidan.
Men eg har tatt mjølkinga på kveldane,
så då har eg iallefall bidratt bittelitt...
Våronna, slåtten og slike ting er eigentleg noko av
det kjekkaste på garden,
gøy når det er så "livat" på tunet.
Gutane starta sin eigen slått for ei stund sidan.. :
Denne måten å hesja på var ny for meg ;)
Kjekt at dei viser interressa for gardslivet,
og eg vil tru dei gler seg mest til dei er
gamle nok til å væra med i den skikkelige slåtten
- spørst om mammen slepp te når den tid kjem...
Ha ein fortsatt fin dag !
Birgit
Det er den artigste hesja jeg har sett på lenge! Blir nok gode bonde-emner, de guttene!
SvarSlettMorsom måte å hesja på:) Herlig!
SvarSlettKjekt å treffe deg hos MH:) Gøy med disse bloggtreffene!
Ønsker deg en fin kveld
Klem Tonje
Hei!
SvarSlettVokste opp på gård og syns slåtta var kjempekjekt! Lyden av traktoren som var på veg opp i løa med nyklippa gras og vi ungane og naboungane som fikk lov å være med å hjelpe til. Huska vi hesja også - ikke sett denne klesstativ varianten før, men veldig morsom!
Kos dere i slåtten - selv om det er hardt arbeid!
:)
Haha! :) Kreativt!!
SvarSlett