...av alle dei fristande innlegga her inne i det sista.
Og heldigvis for det,
for Pavlova var GODT ! :)
Vanskeleg å velga kva for ei oppskrift eg skulle
gå for, alle såg jo så gode ut,..
Men eg enda på oppskrifta inne hjå
Marit med den fine bloggen som mine dager er
Eg brukte rips, blåbær og bringebær |
Oppskrifta var veldig enkel, og kaka falt i smak hjå alle mann her
- glad eg enda opp med denne, for kremen er kanongod :)
Marengsbotn:
5 eggekviter
1/4 ts salt
2 dl sukker
Pisk eggekviter og salt litt, ha så oppi sukkeret litt etter litt.
Piskes i 10 minutt
Steikes på 125 grader i ca 1,5 time midt i ovnen.
Avkjøles
Eggekrem:
5 eggeplommer
4 ss sukker
2,5 dl melk
3 ts maizenamjøl
Bland alt oppi ein kjele, kok opp på ganske høg temperatur.
Trekkes av plata når det begynner å koka.
Avkjøl
Krem:
1 boks kremfløyte
1 ts vaniljesukker.
Piskes til krem
Bland krem og eggekrem,
ha øve den kjølna botn.
Pynt med ønska bær.
NAM <3
Ha ein fortsatt fin søndag, og nyt varmen som er på veg !
Birgit
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar