For ein gongs skyld hadde eg tenkt å delta på Nib sin utfordring,
var faktisk godt i gong og...
![]() |
Nib-utfordring "Stuepike?" |
Men med detta "drita nettet" me har nytta det ikkje å vær ute i siste liten !
Tar jo bare sååå lang tid å lasta opp desse bileta !! ARG !!!
Sånn, då hadde eg fått ut det...
Når eg endeleg er inne på tanken igjen, må eg jo laga te eit lite innlegg ;)
Har ikkje akkuratt tatt av denna bloggingo i sommar nei...
Men fin sommar, det har me hatt :)
Ikkje så mykje feri endo, men eit par langhelger har det blitt.
Ei helg på mamma og pappa si hytta :
![]() |
Beste plassen!! |
Eit par netter i Sarons dal, telttur :)
![]() |
Love it! |
To kjekke dagar i Dyreparken har me og hatt :)
Som de forstår har me vore mykje heima denne sommaren,
men når me bur på ein plass der me trivest så godt som me gjer går jo det heilt fint ;)
![]() |
Badetur ved vatnet rett bak oss <3 |
![]() |
Kveldstur i Ryfylkebassenget <3 |
![]() |
Flottaste arbeidsplassen <3 |
Som de ser har me det fint når me er heima og, men feri treng me alle!
Og når ein er bønder må ein reisa vekk for å ha fri !!! ;)
(ps.klagar ikkje-me har valgt det sjølv ;) )
(ps.klagar ikkje-me har valgt det sjølv ;) )
Så, etter kveldstellet i måro har me 9 dagar fri/feri
- JUHUU !!!
Gler meg som ein unge, for me har nemleg bestilt oss tur til Alanya
Turen vart bestilt på mandag
- godt me har snill avløysar, svigerfar og rektor!
(ungane får to dagar lenger sommarferi..)
"Alltid tidleg ute"
...eller, koss va nå det der ???
Jaja, tur blir det jo :)
#GLEDE#
..ang Nib-utfordringen..så får eg prøva å vær tidlegare ute neste gong ;)
God natt !
Birgit