fredag 3. juli 2015

Variasjon til tacofredag

Enchiladas med kylling :

Er du som meg,..litt lei av tacofredag ?
Då er tipset mitt at du prøver denne, den blei iallefall godkjend 
som fredagsmat av taco-gjengen min ;)
Du treng :
1 løk
1/2 rød chili
2 kvitløksfedd
2 ss olivenolje
400 g hermetiske tomater
1/2 ts salt 1 ss sukker
(dette er til tomatsausen)
kylling (eg brukte ca 1/2 grilla kylling
1/2 ts salt
1/4 ts peppar
2 ts tacokrydder
1 løk
1 rød paprika
1 grønn paprika
8 tortillalefser
200 g kvitost
1 dl lettrømme
(eg brukte nok litt meir både av osten og rømmen..)

Sett steikeovnen på 225°C
Smør ei ildfast form lett med litt olje
Skrell og finhakk løk, chili (ta gjerne ut frøa) og hvitløk, 
og fres det til det blir mykt i en middels varm gryte med olje.
Tilsett hermetiske tomater og la det småkoke i ca. 10 minutter. 
Smak til med salt og sukker mot slutten av koketida.

Medan tomatsausen kokar, steiker du kjøttdeig i en middels varm panne i litt olje. 
Krydre med salt og pepper og gjerne litt tacopulver.
Skrell og kutt løk i betar. 
Vask og skjær paprika i strimler. 
Steik grønnsakene i litt olje til dei er blanke og gylne.
Bland samen kjøttdeig, grønnsaker og krydder. 
Fordel blandingen på midten av kvar enkelt toltillalefse. 
Ha øve litt tomatsaus og ost (spar litt til gratineringa) 
før du ruller dei saman og legg dei tett i den ildfaste forma. 
Fordel resten av sausen over, og topp det hele med resten av osten.

Steik enchilladas midt i ovnen til osten er gylden 
og lefsene er blitt litt sprø i kantene, i 10–12 minutter. 
Server med lettrømme ved siden av. 

(Denne oppskrifta fann eg her på Tine.no, bytta bare kjøttdeigen ut med kylling)

Nyt! 

Birgit






























tirsdag 2. juni 2015

Grønne fingrar ?

Ja, den som hadde hatt det..
dette er nok noko eg manglar! 
Burde kansje hatt det sidan eg har gått på jordbruksskule,
men eg kan vell trygt sei at faget "hagebruk" ikkje var min favoritt ;)

Her i huset dauar dei raskt mangen av plantene eg prøver meg på, 
eigentleg er det bare grønne, enkle planter som står lenge her. 
Men dei er jo fine dei og då ;)

For nokre veker sidan fekk eg desse tre urteplantene av mamma, 
og dei er faktisk grønne enda! *stolt 
..ikkje så grønne som dei var på bilde her då, men...

 Her er eks på planter som trivest her hjå meg :
Genialt at det finnest planter som tåler LITE stell ;)

Så får eg heller prøva litt forskjellige planter både ute 
og inne dersom interressa for dette plutseleg dukkar opp ;)
- hadde jo vore bra det, for ingenting er så fint som ein flott blomsterrik hage! 
..det klare eg å sjå...
 
Ha ein fortsatt fin kveld :)
 
Birgit
 

fredag 29. mai 2015

Helgekos

Då var det helg igjen og tid for ny oppskrift på enkel helgekos.
Ser at det nyttar ikkje for meg å skriva at det skal komma kvar fredag
 (glapp visst allereie forrige fredag..)
Men eg skal iallefall hive innpå ei oppskrift nokon fredagar innimellom ;)

Denne gongen tenkte eg å dela oppskrift på noko kjempegodt 
me fekk servert på besøk hjå eit anna par her i Årdal.
Måtte bare spør om oppskrifta etter at me hadde smakt den.
Og folk som har smakt den her har og fått med seg oppskrift, 
så denne er verdt å prøva!

Sweet-chili gryte :
Du treng :
3-400 g strimla svinekjøtt
1 pk stjernebacon
1 liten el. 1/2 purre
1 fedd kvitløk
1,5 dl matfløyte
1,5 dl sweet-chilisaus
cashewnøtter

- surr purre og kvitløk, legg av
- steik svinekjøttet og bacon
- bland dette
Tøm øve matfløyte og sweet-chilisaus
(eg pleier å bruke meir av dette for å få meir saus)
Server med ris og cashewnøtter

Enjoy!

God helg!

Birgit

onsdag 20. mai 2015

Snart kuslepp

Største tegnet på at sommaren nærmar seg er kuslepp, høydepunktet gjennom året. :)
Har sin eigen sjarm med dyra ute på beite må eg sei 
- det er faktisk ganske så flott å sjå på dei.

Dei pleier å væra ute til 20. mai, men dette året heng me litt etter 
- er ein del å henga fingrane i med den nye fjosen for tida. 
 Men nå må det bare prioriterast å få dei ut, 
både for dyra, og beite sin del.

Deler nokre bileter frå i fjor : 


Ha ein fortsatt fin dag!

Birgit

fredag 15. mai 2015

Enkel helgekos

Her i huset brukar me å ha middag på kvelden fredag og lørdag, 
ein koselig tradisjon som både ungane og me vaksne set pris på.
Får litt ekstra tid ilag, og det er ein fin måte å starte helga på.
Nå er det ikkje ofte eldstemann er her fredagskveldane lenger, 
men nokre lørdagaskveldar har me lag av han og.

Vil framover legge ut (på fredagar) oppskrifter
på det me likar å ha til kveldsmat i helgene.
(Når me treng avveksling frå taco og pizza)

Pita med strandaskinke:
Du treng : 

Pitabrød
Strandaskinke
Crème Fraîche
Kvitløk 
Vårløk
Mozzarella
 Ruccola

Slik gjer du : 

Crème Fraìche, kvitløk og vårløk blandes og smøres oppå pitabrøda.
Legg strandaskinke oppå, 2 på kvar.
Dryss over mozzarella.
Steik til osten er smelta.
Legg ruccola oppå før servering.
Enjoy!

God helg!

Birgit




onsdag 13. mai 2015

Nytt "familiemedlem" ..eller husdyr om du vil.

Nytt, og nytt..kan kansje ikkje kalla hu ny lenger med
 tanke på at me har hatt hu i eit halvt år.
Eit enormt travelt halvår,
 med bygging av fjos, noko som heldigvis nærmar seg ferdig.
Skal vise bilder av det ein anna dag :)

Me har altså fått oss ny hund, 
og denne gong fekk ikkje mammen velga sjølv.
Gutane hadde plutseleg meiningar på området..arg! ;)
Slik er det.. eldstemann hadde veldig lyst på ein Cavalier,
 men grunna allergi i heimen 
måtte me inn på lista over "små-allergivenlege" hundar. 
Då enda me altså på denne her :
 Dvergschnauzer i fargen sort/silver
 Shira heiter hu, ei livlig, betsemt lita gladjenta som lagar liv i heimen.
 Begynner å roa seg litt nå, 
men det er utruleg kor godt lag det er i desse firbeinte.
 Elskar å væra ute!
 Og blir bittelitt utskjemd ;) 
(fordelen med å vær liten, nesten veskehund..)

Rart å gå fra rottweiler til denne litle rasen her, men veldig kjekt å ha hund igjen!
Og stor hund får eg få meg igjen når gutane er ute av redet ;)

Ha ein fortsatt fin kveld!

Birgit


onsdag 7. januar 2015

Nytt år - nye muligheter!

Jadå, då var nok eit år gått 
og det vart igjen så som så med blogginga mi..
Nytt år - nye muligheter! :) 

 Julegåve frå barndomsvenninne<3

 Det flauaste av alt er at eg ikkje har fått blogga om det kjekka  
treffet SoMe Greet som eg var så heldig
 å få væra med på i september.
Så eit innlegg og to må nok komma om dette,
 både om treffet og om alt det fina me fekk frå flotte sponsorar.
..så får dei litt cred for det nå i ettertid og ;)

Følg meg gjerne på Instagram(birgitav), 
der eg har klart å væra meir aktiv ;)


Ha ei fortsatt fin veke!

Birgit